Hopp til innhold

Denne sensoren kartlegg ligginga di

Her får sjukeheimsbebuaren ein sensor under madrassen. Sykepleierforbundet etterlyser meir velferdsteknologi. – Vi klarer ikkje å springe fortare.

Svenn-Andre Alvestad monterer en sensor under en madrass på Sula Helsetun.

SENSOR GØYMD UNDER MADRASSEN: Den nye tenesta er eit tilbod til alle i Sula kommune som kan ha nytte av det, og er ei frivillig ordning. Rådgivar innanfor velferdsteknologi, Svenn-Andre Alvestad, tar seg av monteringa av sensorane.

Foto: Remi Sagen / NRK

I løpet av få minutt fester Svenn-Andre Alvestad ei matte til sengebotnen, og set støpselet i stikkontakta.

Sjølv om ein madrass skiljar matta med sensoren og personen som ligg i senga, klarar sensoren å overvake sjukeheimsbebuaren. Den nye teknologien gjer at ein kan måle pust, hjarteslag, søvn, uro og om personen ligg eller går ut av senga.

Informasjonen går direkte til tavla på vaktrommet og ein app på mobilen til dei tilsette på Sula helsetun.

– Frå du har hatt eit tilsyn til neste gong du har eit tilsyn, får du ingen informasjon om pasienten. Det er behov for betre innsikt om brukarar både på institusjon og i heimetenesta, seier Diana Myrstad Meldal, dagleg leiar i Varda Care.

Diana Myrstad Meldal, dagleg leiar i Varda Care.

– Dette skal ikkje erstatte dei varme hendene. Produktet vil hjelpe å få betre kvalitet på tenesta og prioritere kva for brukarar som treng hjelp først. Så får dei vidare medisinsk oppfølging basert på informasjonen ein får i tenesta vår, seier Diana Myrstad Meldal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Betre kontroll på natta

No skal produktet også ut i heimetenesta i Sula kommune, like utanfor Ålesund. Kvar natt reiser dei tilsette rundt til demente og urolege pasientar for å sjekke om dei søv. Ofte vaknar pasientane når pleiarane tittar innom. Med den nye tenesta blir det til dømes færre slike avbrot.

– Det er mange som går rundt på natta. No får vi vite om dei ligg i senga, om dei er urolege og kva tid dei står opp, seier sjukepleiarane Inga Krohn Salen og Victoria Bonsaksen.

Sykepleierne Inga Krohn Salen (t.v) og Victoria Bonsaksen planlegger bruken av Varda Care i heimetenesten i Sula kommune.

Inga Krohn Salen (til venstre) og Victoria Bonsaksen planlegg korleis dei kan bruke verktøyet i arbeidskvardagen. Dei håper på ein tryggare arbeidskvardag der dei har meir oversikt og kontroll.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ønske frå pårørande

Både brukarane og dei pårørande har bede om at kommunen skal ta i bruk velferdsteknologi.

– Dei følger med på kva som rører seg, og forventar at kommunen skal tilby andre tenester enn vi har gjort før, seier Solgunn Eide Dybvik, avdelingsleiar for heimetenesta i Ytre Sula.

Meir og raskare

Denne typen velferdsteknologi blir meir og meir vanleg, noko som gleder Norsk Sykepleierforbund. Helst skulle dei ønske det blei innført meir og at det gjekk enda fortare.

– Med tanke på mangelen på sjukepleiarar og helsepersonell må vi jobbe smartare og meir effektivt. Vi klarer ikkje å springe fortare. Det betyr at vi må investere og bruke pengane på teknologi som kan frigi kapasitet frå helsepersonell og bruke den kompetansen rett, seier leiar Lill Sverresdatter Larsen.

Lill Sverresdatter Larsen ser mot kamera mens hun sitter lent på en benk i en høstfarget park i Oslo. Høstfarget er dødgule og fortsatt levende grønne blader som står igjen på trærne og har falt i store mengder på bakken.

– Velferdsteknologien må bli vekta meir inn mot sjukepleiartenesta fordi behovet er størst der, både for pasientane og dei tilsette, seier Lill Sverresdatter Larsen.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Ikkje meint for å erstatte jobbar

Nokon kilometer unna sjukeheimen, på Ålesund sjukehus, har avdelinga Medisin 5 tatt i bruk eit liknande system. Dei har ein sensor på romma til pasientane som kan varsle om ein rekke hendingar, og skal førebygge fall.

– Då kan eg gå inn i appen og sjå på eit anonymisert bilde av rommet og sjå om pasienten er på veg ut av senga, om dei har falle, eller om det berre var ein falsk alarm. Eg kan også ta digitale tilsyn på rommet, forklarar sjukepleiar Kjersti Ulset Lade.

Kjersti Ulset Lade, sykepleier med app

– Auka tryggleik for pasientane, pårørande og dei tilsette er blant fordelane. Vi ser også at fleire avdelingar har lyst å bruke det. Det er jo framtida dette med velferdsteknologi, meiner Kjersti Ulset Lade

Foto: Remi Sagen / NRK

Seksjonsleiaren på avdelinga vektlegg at velferdsteknologi er ein tilleggsteneste for å gjere kvardagen lettare, og at det ikkje meint for å erstatte jobbar eller oppgåver.

– Etter kvart blir ressursane mindre og mindre for hjelpearbeidarar og sjukepleiarar, men då har vi dette som eit hjelpemiddel i kvardagen, seier Sara Konstanse Årseth.

App brukt ved Ålesund sjukehus

Tenesta er anonymisert og godkjent av alle dei bruker det på. Fleire kommunar bruker teknologien, men Ålesund sjukehus er det første sjukehuset i Helse-Midt til å ta i bruk teknologien gjennom eit pilotprosjekt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jamn auke

Tal frå Helsedirektoratet viser at 115 000 personar brukte ein eller fleire typar velferdsteknologi i fjor. På grunn av underrapportering er talet truleg høgare.

– Det er ein jamn stigning og jamn utrulling av velferdsteknologiske løysingar. 310 kommunar deltek i velferdsteknologiprogrammet, seier Johan Torgersen i Helsedirektoratet.

Men kva kommunane gjer varierer. Berre 100 av 356 kommunane i landet har tatt i bruk elektronisk medisinstøtte, seier Larsen. Slike maskiner skal sikre at brukarane tek riktig medisin til rett tid.

– Det er et veldig nyttig verktøy. Fleire av tenestene må bli tatt i bruk.

Fleire vil få tilbod

Fleire lever lenger og vil trenge meir omsorg, og velferdsteknologi kan vere svaret på desse utfordringane.

Presset på sjukeheimsplassar vil auke særleg frå 2025, for då vil den store etterkrigsgenerasjonen nå 80-årsalderen.

Ifølge Helsedirektoratet vil det vere færre tilsette i helsesektoren per pasient i framtida. Derfor vil velferdsteknologi spele ei viktig rolle framover.

– Dette er eit felt som vi alle kjem til å bli meir og meir vande med. Det vil bli tilbod om fleire og fleire løysingar for fleire grupper. Kommunane vil ta i bruk fleire tilbod, seier Torgersen, og minner om at den elektroniske duppeditten berre er ein liten del av løysinga.

– Teknologien løyser ikkje dette aleine, men gjer at ein kan jobbe på nye måtar. Helsepersonell kan bruke tida meir fornuftig og enda meir målretta ved hjelp.

Johan Torgersen, med skjorte og dressjakke

– Velferdsteknologi vil få større og større betydning innanfor eldreomsorg, seier Johan Torgersen, direktør for divisjon for kvalitet og forløp i Helsedirektoratet.

Foto: Finn Oluf Nyquist

Les også Noreg kan spare éin million på at Ingrid sluttar å gå i trappa