Svindla til seg nærare ein million

Ein mann frå Nordmøre er tiltalt for grovt bedrageri. Mannen i 40-åra skal i perioden 2011–2014 ha svindla til seg nærare ein million kroner frå Nav då han lét vere å føre dei timane han faktisk jobba i denne perioden. Saka skal opp i Nordmøre tingrett i februar.