Kvinna var hjelpeverje for tanta og tok i perioden 2001 til 2004 ut til saman 90.000 kroner frå tanta sin konto.
Pengane gjekk til forbruk og kvinna sa i retten at ho såg på dette som eit lån som skulle betalast tilbake, noko som ikkje skjedde.
I skjerpande retning legg retten vekt på at dette handlar om bedrageri og at ho grovt har utnytta tilliten ho vart vist med å vere hjelpeverje.