NRK Meny

Svidd pizza gav storutrykking

Studentar måtte evakuere frå bustadblokk i Volda. Grunnen var ein brent Grandiosa.

Brann Heltne
Foto: Mina Vaagland

Artikkelen er flere år gammel.

Studentane på Heltne i Volda fekk seg ei brå oppvakning i dag. Klokka 06.57 ulte brannalarmen over heile blokka.

Mina Vaagland

Stdent Mina Vaagland var ein av dei som vakna av brannalarmen på Heltne i morgontimane søndag.

Foto: Privat

- Sjølv vakna eg av brannalarmen, men tenkte ikkje noko over det fordi den vert utløyst så ofte. Vi som bur i blokka er så vande med at brannalaramen går, så det var veldig mange som ikkje gjekk ut for å sjekke om det faktisk var brann, fortel student Mina Vaagland, som er ein av dei som har hybel i blokk D på Heltne i Volda.

- Eg høyrde seinare at ein mann gjekk rundt blokka og banka på vindauge og ropte at det brann inne i blokka. Då fekk eg på meg klede og varsla naboen min, så gikk vi ut.

Alle naudetatar rykte ut

Då brannvesen, politi og ambulanse kom til studentblokka, hadde studentane allereie kome seg ut på eiga hand.

- Etter at vi hadde stått ute ei stund, observerte vi kommandobilar frå brannvesenet som køyrde ned mot brannstasjonen, forbi Heltne, fortel Vaagland.

Brann Heltne

Brannvesenet rykte ut til Heltne saman med politi og ambulanse

Foto: Mina Vaagland

- Det var rett og slett nokon som hadde sovna frå pizzaen sin, fortel operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug til NRK.

- Det var røykutvikling på staden. Studenten må mest sannsynleg betale bot for å vere uforsiktig.

På Heltne må 4-7 personar dele på kjøkenet.

Dei tre studentblokkene på Heltne, som er bygd i 1975, ligg 2 kilometer frå Volda sentrum, og husar 151 hyblar og 29 leilegheiter.

Siste video/lyd

No. dokumentar. Noreg har i dag ein av verdas mest moderne fiskeflåtar som omset for milliardar av kroner kvart år. Men det var ein heilt spesiell båttype som la mykje av grunnlaget - for over hundre år sidan. I Ålesund bysentrum har det siste tida foregått eit heilt unikt byggeprosjekt!
Reiarlaget til reketrålaren Remøy, som ligg i arrest i Murmansk informerer om situasjonen.
Korleis er det å bli eldre i Noreg i dag, og korleis vil det vere dei neste 20 åra? Det var tema på landskonferansen for fylkeskommunale eldreråd.