Hopp til innhold

Sverre (82) døydde i trappa inne på sjukehuset 

Gang på gang vandra den sjuke mannen rundt utan tilsyn. Familien er fortvilt over at dei tilsette på sjukehuset ikkje passa godt nok på.

Gry Nupen

Gry Nupen besøkjer ofte grava til faren. Dødsfallet var uventa for familien.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Gry Nupen fekk aldri tatt farvel med far sin.

Han blei lagt inn på Volda sjukehus hausten for to år sidan med lungebetennelse. Men det familien trudde var eit kort sjukehusbesøk enda med at 82-åringen døydde.

Kvelden før sjukehuset hadde planlagt å skrive han ut, fann dei tilsette han i trappegangen inne på sjukehuset.

– Vi veit eigentleg ikkje kor lenge han låg der, om han levde lenge og kanskje ropte om hjelp, seier Gry Nupen på vegner av familien.

Nupen seier dei måtte be fleire gonger før dei fekk ut den rette journalen til faren. Då dei las det som sto, blei dei lamslåtte.

Gry Nupen

Gry Nupen klarer ikkje å slå seg til ro med dødsfallet til faren på Volda sjukehus.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Kom seg ut av sjukehuset

NRK har gått gjennom journalen til Sverre Nupen dei tre vekene har var lagt inn på Volda sjukehus. Der er det fleire gonger notert at han ikkje held senga, men er forvirra, uklar og ute og vandrar.

Fleire gonger blir han funnen på andre pasientrom, og må ha hjelp tilbake. Andre gonger går han til heisen.

Ei natt kjem den febersjuke og forvirra mannen seg heilt ut av sjukehuset, og står og ringjer på ytterdøra i nattemørkeret.

Ca. 30-45 min etterpå ringer pasienten på døra v/hovedinngangen til sykehuset. Usikkert hvordan han kom seg dit og hvor lenge han hadde være ute. Men ville inn og legge seg.

Frå journalen til Sverre Nupen / SJUKEHUSET I VOLDA

Ingen stad i journalen står det at dei tilsette vurderte risikoen eller eventuelle tiltak for 82-åringen som stadig gjekk rundt på sjukehuset.

Volda Sjukehus

Her ved Volda sjukehus døydde den 82 år gamle mannen i ei trapp utan tilsyn.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fekk ikkje sitte vakt

Gry Nupen arbeider sjølv som nattevakt i helsevesenet og bad om å få sitte vakt ved sjukehussenga til far sin. Sjølv om han var uroleg, sa sjukehuset nei på grunn av koronapandemien.

Dottera seier dei tilsette lovde å passe på, mellom anna ved hjelp av ei ringesnor festa til skjorta hans.

– Tre dagar etterpå fekk eg beskjed om at dei hadde funne han nede i trappa – død, seier dottera.

Ho meiner det kunne redda faren sitt liv, om ho hadde fått lov å vake over faren. Ho er kritisk til at verken politi eller Helsetilsynet blei varsla om dødsfallet.

Palma Hånes

Klinikksjef Palma Hånes beklagar overfor dei pårørande. Ho vil ikkje stille til intervju om saka.

Foto: Kristin Støylen

Beklagar det som skjedde

Leiinga ved sjukehuset i Volda ønskjer ikkje å stille til intervju, og vil ikkje svare på konkrete spørsmål om saka.

Klinikksjef Palma Hånes skriv i ein e-post at dei ser svært alvorleg på hendinga og beklagar på det sterkaste overfor dei pårørande.

Dette har vore ei krevjande sak også for våre tilsette, og Klinikk Volda har sett i verk fleire tiltak etter hendinga med skallsikring og ein gjennomgang av rutinane våre for å hindre at ei slik hending skal kunne skje igjen, skriv ho.

I eit internt notat skriv Hånes at pasienten aldri burde kome seg ned i trappa utan tilsyn.

Klagar på nytt

Obduksjonsrapporten gir ikkje noko klart svar på den bråe hjartestansen hos Sverre Nupen.

Sjukehuset peikar på tidlegare sjukdomshistorikk, men veit ikkje om han døydde før eller etter fallet.

Familien seier dei sit igjen med mange spørsmål, sjølv om dei har hatt møte med dei tilsette på sjukehuset.

Statsforvaltaren som granska saka, konkluderte med at sjukehuset hadde sett inn tilstrekkeleg tiltak for å unngå noko liknande.

No arbeider familien med ein ny klage.

– Dette høyrer ingen stad heime. Vi er alle sjokkerte. Han er ikkje blitt passa på, seier dottera Gry Nupen på vegner av familien.

Gry Nupen

Gry Nupen var den einaste dottera til Sverre Nupen. Ho synest det er god trøyst i å sjå på bilda av dei to saman.

Foto: Jonas Otneim / NRK