NRK Meny
Normal

Satsar på Molde og let utlandet vente

MOLDE (NRK): Fotballbrørne Tobias (17) og Sander (19) Svendsen satsar på å bli i Eliteserien og Molde trass i fleire tilbod frå utlandet.

Sander og Tobias Svendsen

Tobias (17) og Sander Svendsen (19) trivest godt med å spele på same lag. Men dei har bevisst vald forskjellige agentar for å understreke at dei er forskjellige personar som kan ta ulike val i karrieren.

Foto: Roar Strøm / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Sander Svendsen blei i 2014 den yngste seriemeisteren i Eliteserien nokon gong. No er han nominert til prisen for beste unge fotballspelar i Europa. Tobias Svendsen blei alt som 15-åring karakterisert som ein av dei best utvikla unge fotballspelarane i Noreg og har 6 kampar på Noregs U-17 lag. Begge har hospitert hos Ajax, men ønskjer å byggje seg vidare opp i Molde.

– Eg vonar denne sesongen blir det store gjennombrotet mitt. Eg har gjort absolutt alt for at eg skal få det til, seier Sander Svendsen til NRK.

– Ønskjer å slå gjennom skikkeleg i Molde

Sander Svendsen har kontrakt med Molde ut 2017 og har starta samtalar med leiinga i Molde om ei eventuell forlenging.

– Det er godt å høyre at dei framleis vil ha meg her. Eg ønskjer å slå gjennom i Molde før eg tenkjer på noko anna, han til NRK.

Tobias Svendsen og Sander Svendsen

Tobias Svendsen (17) er den mest typiske midtbanespelaren av dei to brørne, medan Sander Svendsen (19) nok er den mest målfarlege.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Har sjølvsagt ein draum

Også bror til Sander Svendsen, Tobias Svendsen, legg opp til å vere i Molde nokre år til. Men også han har ambisjonar om ein karriere i utlandet.

– Eg ser for meg at eg skal vere i Molde nokre år til. Så har eg sjølvsagt ein draum om å gå til utlandet eg også. Men eg har fokus på Molde, seier han.

– Dei utviklar seg framleis

Ole Gunnar Solskjær ønskjer å sende ut signal om at Molde satsar på Svendsen-brørne.

– Vi vonar vi kan få behalde dei til dei er klar til å gå til ein storklubb. Dei skal få gå til ein klubb som verkeleg er ein draum for dei. Og det kan ta eitt år, det kan ta to og det kan ta fleire år, seier Solskjær.

Sander Svendsen

Sander Svendsen har spelt seg til fast plass på Molde-laget, og har blitt blant heltane i Molde. Laurdag var det open dag på stadion i Molde, og mange nytta høvet til å få ta selfie av seg saman med Sander Svendsen.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Ein inspirasjon

Lillebror Tobias Svendsen karakteriserer storebror Sander som ein betre avsluttar enn han sjølv.

– Det er sjølvsagt artig å spele her saman med bror min. Han har vore ein stor inspirasjon for meg og for mange andre av dei yngre spelarane. Sander er målfarleg, han er kvikk og god til å drible, forklarar Tobias.

Kvar sin agent

Dei to brørne har ulike agentar. Sander Svendsen forklarar det med at dei vil ta sjølvstendige val for framtida. Men dei stortrivst med å spele på same lag.

– Det er stort. Det er artig. Vi har spelt saman sidan vi begynte å gå. Det er veldig artig at vi to får lov til å halde på saman på høgste nivå i Noreg, seier Sander Svendsen.

Laster innhold, vennligst vent..