Hopp til innhold

Kordirigent vil heidre kreftavdelinga

For halvanna år sidan fekk Svein Eiksund påvist ein kreftsvulst på ti centimeter. No vil han heidre personalet på kreftavdelinga med 360 graders korsong.

Svein Eiksund

Den ivrige dirigenten gleder seg til støttekonsert i Volda kyrkje.

Foto: Victoria Røren / NRK

For vel eit år sidan, ei veke etter han hadde feira 70-årsdagen sin i Volda kyrkje saman med alle kora han dirigerte, stod Svein Eiksund på Volda Sjukehus saman med overlege Bottolf Lødemel. Der fekk han påvist ein kreftsvulst på ti cm. No vil han gi noko tilbake og heidre dei som var der som eit lys i den tunge tida.

– Denne konserten er både ein takkekonsert, støttekonsert og ein honnør til dei som kvar dag står i front og jobbar med folk i ein vanskeleg og til dels håplaus situasjon, seier Eiksund.

Fantastisk helsepersonell

– Eg er mektig imponert over dei som jobbar der. Dei har ei unik evne til å kommunisere og trøyste. Dei eg har valt ut som æresgjestar under konserten betydde noko heilt spesielt for meg. Alle hadde sine kvalitetar, men enkelte var der som vandrande lys i sjukehusgangane, seier Eiksund.

Eiksund har invitert tre heidersgjestar, der Lødemel er ein av dei. Dei to andre er ein lege frå St. Olavs Hospital og ein sjukepleiar frå Volda Sjukehus.

– Grunnen til at akkurat desse vert heidersgjestar var fordi dei viste ekstra forståing og empati. I kraft av sin kunnskap skapte dei eit visst håp om at der fanst moglegheiter, fortel Eiksund.

Svein Eiksund

Ni kor skal synge saman under konserten i Volda kyrkje.

Foto: Victoria Røren / NRK

360 grader med song

No er den ivrige dirigenten tilbake og dirigerer fire av sine fem kor. Han er også i full gang med planlegging av støttekonserten han gav overlegen lovnad om.

– Eg sa til Lødemel at om eg overlever dette skal eg lage ein stor støttekonsert til kreftavdelinga, og at han skulle få vere heidersgjest. No når det gjekk rette vegen måtte eg begynne å realisere løftet eg gav han. Eg spurte 9 kor, og alle sa ja, seier Eiksund nøgd.

Eiksund har ein klar plan på korleis dette skal gå føre seg. Alle kora skal stå langs veggane i Volda kyrkje slik det framleis er god plass til publikum. Det blir 360 grader med korsong, der kvart kor vil ha sin melodi med temaet håp og liv.

– Eg gler meg verkeleg til konserten. Det er fantastisk flotte songar som skal framførast, og det er heilt sikkert at det blir høg «gåsehudfaktor», seier Eiksund.