Hopp til innhold

Svarteboka og annan trolldom

Slik brukte folk på våre kantar magiske formlar mot sjukdom og andre vanskar i dagleglivet: Bangs gamle bok om "norske hexeformularer" er utgitt på nytt!

A. Chr. Bang: "Norske Hexeformularer og magiske Opskrifter"
Ny utgåve med forord og register av Velle Espeland
Ka Forlag 2005


Svarteboka og andre oppskrifter

Biskop Anton Christian Bang

Framleis er biskop Anton Christian Bangs bok frå 1901 den største samlinga av norsk folkeleg magi. Viktige kjelder var dei mange svartebokoppskriftene frå mange kantar av landet.

I segnene er Svarteboka ei farleg, overnaturleg bok som ein må love sjela si til djevelen for å kunne bruke. Dei verkelege svartebøkene er for det meste små, handskrivne hefte som gjerne er lesne i filler, ofte med ustø skrift og mange skrivefeil, og med sterkt varierande innhald. Djevelen møter vi sjeldan; derimot er Faderen, Sonen og Den Heilage Ande med i dei fleste formlane.

 

 

Svartebok frå Ørskog

Frå vårt fylke har Bang nytta eit manuskript som er skrive om lag 1830 av gardbrukar og stortingsmann Ole Rasmussen Sollied (f. 1793). Ingen veit om Ole Rasmussen prøvde nokon av desse heksekunstane sjølv, men i svartebokmanuskriptet hans finn vi bl. a. oppskrifter på korleis ein skal finne ein tjuv, binde tjuven og få tjuven til å komme att med det han har stole. Folk er kanskje meir nyfikne på korleis ein skal sikre seg å få fisk:

Tag en sort Høne, kog den vel og gnid hende inden- og udentil med Honning og fyld hende med grønne Erter, som staa endnu i Blomster. Nedgrav saa Hønen i en Møding en Maaneds Tid, saa vokser deraf grønne Maderter. De samme kan du et helt Aar forvare til at sætte paa Angelen, naar du vil fiske.

Halte kyr i Sunndalen

I Glückstads "Sundalens beskrivelse" har Bang funne denne magiske åtgjerda for halte krøtter:

Man skjærer løs Græstorvene under Dyrets fire Been, tager dem op og fæster dem paa Skigardsstaure ved en Korsvei. Bedring vil da snart indtræde.

Lækjedom i Veøy 

Den legendariske presten Thomas von Westen skreiv opp fleire magiske formlar medan han var sokneprest i Veøy prestegjeld. Bang gjengir bl.a. ein som skulle brukast mot "grep". Dette ordet blei brukt om fleire tilstandar: Det kunne vere blåmerke i huda eller alvorlege utslett som knuterosa, men også sterk hovudverk blei kalla grep. Felles var tanken om at dauingar eller underjordiske hadde klemt på den kroppsdelen som var sjuk.

Fadervor før og efter.
Jeg gjør aat dette Menneske for Berg-Greb, for Sø-Greb, for død Mands Greb, for alle de Greb, som falde mellem Himmel og Jord, i 3 Navn, med Gud Fader, Søn og Gud den Helligaand. Amen.

Råd for alt

Dei fleste problem livet har å by på, har folketrua funne råd mot gjernnom tidene. Og somme må ha trudd på desse formlane og rådene, same kor drastiske dei kan vere. Sikkert må ein og annan ha prøvt å gjere seg usynleg ved hjelp av flaggermusblod eller øyret av ein svart katt. Detaljane finn du i Bangs bok. Og skulle du vere av dei kravstore, kan du her også lære den "Konst, at man kan faa alt, hvad man vil ønske sig her i Verden." Lykke til!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL