NRK Meny
Normal

– Greenpeace overdramatiserer

Skipperen på kvalfangstskuta «Kato» meiner kritikken om fangst av drektige kvalar er overdramatisert.

Dag Myklebust

Skipper om bord i kvalfangstskuta, Dag Myklebust, seier det blir umogleg å drive med kvalfangst i Norskehavet og Barentshavet dersom myndigheitene skal forby fangst på drektige kvalar.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Skipper Dag Myklebust på kvalfangstskuta «Kato» meiner det er umogleg å drive kvalfangst utan å treffe på drektige dyr.

Klarer ikkje sjå skilnad på hoer og hannar

For Myklebust og dei andre om bord i «Kato» har det vore unormalt mykje merksemd denne veka. Etter at NRK på tysdag viste filmen «Slaget om kvalen» frå kvalfangsten dei dreiv i Barentshavet i fjor sommar, har mange reagert. Dei kraftigaste reaksjonene har kome frå Greenpeace etter at det kom fram at dei fleste vågekvalane som blir fanga er drektige.

Men ifølgje skipperen blir det ikkje mogleg å drive med kvalfangst i Norskehavet og Barentshavet dersom myndigheitene skal forby fangst på drektige kvaler. Myklebust har drive kvalfangst i over 40 år, men kan framleis ikkje sjå skilnad på ei ho- og ein hannkval i havet.

– Ein klarer ikkje å sjå det på førehand.

Artikkelen held fram under videoen.

Mesteparten av all vågekval som blir fanga av norske kvalfangarar er ho-kval. Og dei aller fleste har foster i magen. Miljøorganisasjonen Greenpeace karakteriserer situasjonen som vanvittig.

– Så naturleg som det kan bli

Likevel, bileta av kval som vert skotne og foster som blir tatt ut av buken på kvalen, vekker sterke reaksjonar hos andre også. Facebook har vald å åtvare mot sterkt innhald.

Trass reaksjonene som har kome, angrar ikkje kvalfangaren på at dei slapp eit tv-team om bord. Dei ønskjer mest mogleg openheit rundt den omstridde fangsten.

– Det med foster er så naturleg som det kan bli, så i mine auge er det overdramatisert. Det ville tvert imot ha vore unaturleg dersom der ikkje var foster, seier Dag Myklebust.

Les også:

Støtte frå fiskeriministeren

Vågekvalen er drektig i sommerhalvåret når fangstinga pågår. Mannskapet er pålagt å ta fosteret ut av livmora og registrere kjønn, lengd og DNA, slik at forskarane får ei oversikt.

Kvalfangarane har full støtte frå regjeringa og fiskeriministeren har ikkje lagt skjul på at han vil auke fangsten på vågekval. Dag Myklebust vurderer også fangst på knøl og finnkval på sikt.

– Den eksplosive utvikla som har vore i bestandane når det gjeld finnkval og knølkval dei siste 15 åra, må ein nesten sjå og oppleve for i det heile tatt å tru på, seier Myklebust.