Hopp til innhold

Vêrskifte skapar problem

Vêromslaget som er på gang over heile Vestlandet, fører til farleg glatte vegar og vanskelege køyreforhold. NVE melder også om betydeleg snøskredfare heile helga.

Glatte vegar

Mildvêr og regn har skapt blankis fleire stadar i Møre og Romsdal.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Etter ei periode med minusgrader og mykje snø, skjedde det eit vêrskifte fleire stadar i fylket fredag kveld. Mildvêr og regn skapar svært glatte vegar og farlege køyreforhold i heile Møre og Romsdal.

På vegtrafikksentralen har det vore meir enn nok å gjere natt til laurdag.

– Det milde vêret som kom fredag kveld har skapt store problem. Spesielt i kyststrøka er det vanskelege forhold, opplyser dei.

Situasjonen er den same fleire andre stadar i landet, og politiet åtvarar mot glatte vegar.

Sjå oppdaterte vegmeldingar på NRK Trafikk.

Fleire utforkøyringar

Også politiet har fått fleire meldingar om dei vanskelege køyreforholda.

Operasjonsleiar Sigvart Sivertsen

Operasjonsleiar i politiet Sigvart Sivertsen, seier at det har vore mange små utforkøyringar på Nordmøre og i Romsdal natt til laurdag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det har vore ein rekke utforkøyringar natt til laurdag. Ingen av desse skal vere alvorlege, seier Sigvart Sivertsen, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Han fortel at meldingane stort sett gjeld glatte vegar.

– Bilistane melder om svært glatte vegar som følgje av mellom anna underkjølt regn og snø som har blitt til is, seier han.

Politiet ber bilistane om å vere forsiktige og det kan difor vere lurt å ta det ekstra roleg dersom ein har tenkt seg ut på vegane laurdag.

Betydeleg snøskredfare

Det er også betydeleg snøskredfare i heile Møre og Romsdal denne helga, det melder Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Det ligg fokksnø mange stadar over dei svake laga og gravar ned dei, noko som kan føre til at skredstorleiken og konsekvensane av den blir større. Mange stadar har også fått nysnø som har låge urørt dei siste dagane, opplyser NVE.

Temperaturauken det siste døgnet er også med på å komplisere situasjonen og aukar sjansen for at eit skred vil losne.

Sjå eit oppdatert skredvarsel her.