Hopp til innhold

Pasientar blir liggande på sjukehus, kommunane får kritikk

– Det er eit problem at kommunane ikkje klarer å ta imot nok utskrivingsklare pasientar. Det seier nestleiar i Helse Møre og Romsdal-styret, Petter Bjørdal.

Sjukeseng

Sjukehusa i Møre og Romsdal har allereie høgt trykk på sengeplassane. På grunn av den dårlege økonomiske situasjonen må Helse Møre og Romsdal kutte. 37 sengeplassar er tenkt kutta. No får kommunane i fylket kritikk.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Tysdag blei det klart at Helse Møre og Romsdal må kutte 142,5 millionar kroner for å få endane til å møtest.

Dette må kuttast i budsjettet for 2012, og så langt har dei funne tiltak for 65–70 millionar kroner.

I planen er det sett inn kutt av 37 sengeplassar: 20 i Molde, ni i Kristiansund, fem i Ålesund og tre i Volda.

Petter Bjørdal

Nestleiar i Helse Møre og Romsdal-styret, Petter Bjørdal, er misfornøgd med kommunane i fylket.

Foto: Trond Vestre / NRK

Svært misfornøgd

Samhandlingsreformen skal gjere at kommunane tek imot pasientane når dei er utskrivingsklare.

Nestleiar i Helse Møre og Romsdal-styret, Petter Bjørdal, er klar på at for mange pasientar blir liggjande på sjukehus.

Kommunane i fylket får kritikken.

– Eg må lov til å seie at eg er misfornøgd.

– Sengene som desse pasientane blir liggjande i opptek moglegheita til å behandle nye pasientar som treng sengene, seier Bjørdal.

Saka held fram under bildet.

Styret Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal var tysdag samla. Der blei det klart at føretaket må kutte 142,5 millionar i 2013.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vond sirkel

Nestleiaren i Helse Møre og Romsdal-styret omtalar situasjonen som svært alvorleg.

– Det stressar oss veldig at ventetida ikkje kjem ned som den skal.

– Ikkje er det akseptabelt for pasientane det gjeld heller. Både dei som blir liggjande og vente og dei som ikkje blir behandlar når behovet er der.

Bjørdal fortel at kapasitetsutnyttinga totalt i helseføretaket er på veg ned. Det fører til dårlegare økonomi.

– Det fører igjen til at vi ikkje får bygga om, modernisert, kjøpt inn det medisinsk-tekniske utstyret som vi treng. Ting heng saman, seier han.

Den pressa økonomiske situasjonen blir desto meir pressa når kommunane ikkje har nok senger, meiner Bjørdal.

– Omstillinga går raskare andre stadar

Samstundes fortel han at situasjonen er verre i Møre og Romsdal.

Sykeseng

Svært mange pasientar i Noreg blir liggjande for lenge på sjukehus. Grunnen er manglande sengeplass i eiga kommune.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Om vi ser utviklinga i dette foretaket, samanlikna med naboføretak, så går omstillinga raskare andre stadar.

– Kva kan og må gjerast?

– Vi må setje trykk på dei små detaljane i heile organisasjonen, også i samtale med kommunane.

– Det er alle dei små grepa til saman som gir resultat. Slik er det med dette, og slik er det med alt anna, avsluttar Bjørdal.