Hopp til innhold

Svært kritiske til Astrid Eidsvik sitt arbeid

Arbeidet som har vore leia av nyleg avgåtte direktør Astrid Eidsvik får hard medfart i ein ny rapport som i dag blei lagt fram. Rapporten konkluderer med at arbeidet ber preg av manglande vilje til å ta stilling til dei vanskelege tema.

Konstituert direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad og Espen Remme

Styret i Helse Møre og Romsdal fekk i dag lagt fram den kritiske rapporten frå Holte Consulting.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I ein ny rapport, som i dag blei lagt fram for styret i Helse Møre og Romsdal, konkluderer Holte Consulting med at utgreiingsarbeidet er svekt av ein manglande vilje til å ta stilling til dei vanskelege tema.

Ifølgje rapporten er måla upresise, brukbare tomtealternativ kan vere oversett, og økonomisk bereevne kan vere bygde på sviktande føresetnader, heiter det mellom anna i rapporten.

Vil ikkje kommentere saka

Astrid Eidsvik

Arbeidet som har vore leia av Astrid Eidsvik får hardt medfart i den nye rapporten.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er nyleg avgåtte direktør Astrid Eidsvik som har leia arbeidet med idefaserapporten. Ho vil ikkje kommentere kritikken som kjem fram i dag, men viser vidare til strategi- og utviklingsdirektør Espen Remme. Han har også vore sentral i arbeidet, og meiner kritikken ber preg av at konsulentselskapet har sleppt til uvanleg tidleg i prosessen.

– Vi må huske at Helse Midt-Noreg har bedt oss, på grunn av det vanskelege valet vi står framfor, å gjennomføre dette no. Dermed er metodeverket noko meir presist enn det vi vanlegvis ser på eit idefasearbeid, seier Remme.

Styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge skal kome med sine anbefalingar til lokalisering den 17. og 18. desember. Og allereie 19. desember skal helseminister Bent Høie halde sitt føretaksmøte, der saka skal bli endeleg avgjort.

Skarp kritikk på fleire punkt

Holte Consulting, som har fått oppdraget med å kvalitetssikre saksbehandlinga i sjukehussaka er svært kritiske til idéfaserapporten. På punkt etter punkt blir arbeidet kritisert:

  • Måla: for upresise og lite prosjektspesifikke til å vere nyttige, og det er ikkje gjort ei prioritering av måla
  • Alternativa: reelt sett brukbare tomter kan vere oversett, arealbehovet kan vere overvurdert
  • Krava: lite tydelege og ikkje prioriterte. Mangelen på tydligheit og prioritering gjer det vanskelegare for idefaseutgreiing å kome fram til tydelege konklusjonar og tilrådingar
  • Økonomisk bereevne: står fram som basert på sviktande føresetnader. Formuleringar om at prosjektet må "tilpassast HMR og HNM si økonomiske bereevne" skaper ikkje tillit til at det nye sjukehuset vil sikre befolkninga betre spesialisthelsetenester, heiter det i rapporten.

Uklare mål

Holte Consulting sin rapport om det nye fellessykehuset for Nordmøre og Romsdal

I rapporten konkluderer Holte Consulting med at utgreiingsarbeidet er svekt av ein manglande vilje til å ta stilling til dei vanskelege tema.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I rapporten frå Holte Consulting kjem det fram at måla frå idefaserapporten er for uklare. Rapportskrivarane viser mellom anna til formuleringa for det som blir kalla effektmål:

"Effektmålet er at brukarane av SNR skal få eit spesialisthelsetilbod som svarar den til ei kvar tid gjeldande standard for gode spesialisthelsetenester; det skal vere meir robust og moderne, attraktivt for både pasientar og tilsette, og utnytte felles ressursar på best mogleg måte både for pasientar og tilsette".

Holte Consulting meiner desse måla i liten grad tilfredsstiller det som bør krevjast av slike mål, og har for mykje karakter av visjonar, meir enn eigentlege mål. Dei blir samstundes karakteriserte som lite presise og prosjektspesifikke, slik at dei opnar for ein for stor grad av tolking.

Resultatmåla er ikkje prioritert innbyrdes, og rapportskrivarane meiner det i betydeleg grad kan vanskeleggjere dei vala som må takast seinare i prosessen.

NRK Møre og Romsdal kjem tilbake med meir.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no