Hopp til innhold

Svært giftig stoff funne i handtak på barnevogner

Høge verdiar av det svært giftige stoffet SCCP er funne i handtaket på Stokke-vogna Trailz. Forbrukarrådet meiner småbarnsforeldre bør levere tilbake vognene.

Stokke-vogna Trailz

Idyll og harmoni pregar Stokke si eiga framstilling av vogna Trailz i reklamemateriellet deira. Ein tysk test viser høge verdiar av det svært giftige stoffet SCCP i skummet i handtaket på vogna.

Foto: Stokke

Gunstein Instefjord, fagdirektør mat og handel, Forbrukerrådet

Fagdirektør Gunstein Instefjord hos Forbrukarrådet seier stoffet som er funne i handtaka har svært alvorlege helse- og miljøeffektar.

Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
Handtaket på Stokke-vogna Trailz

Det er skummet i desse handtaka som har gitt utslag i den tyske testen. På alle nye vogner blir det brukt ein annan type skum.

Foto: Synnøve Hole
Kristin Stormanger

Kategoridirektør Kristin Stormanger i Stokke seier verdiane som er funne er langt under dei verdiane som gjeld for bransjen.

Foto: Morten Krogh
Stokke-vogna Trailz

BYTTA UT: I alle nye modellar er no skummet bytta ut. Rundt 600 mødre og fedre trillar framleis rundt med dei gamle handtaka, ifølgje Stokke.

Foto: Stokke

Ein tysk forbrukartest rangerte nyleg Stokke-vogna Trailz på sisteplass, etter å ha oppdaga det svært giftige stoffet SCCP i handtaket.

Dei burde sjølvsagt ikkje vore brukt i varer til spedbarn og barn, som er aller mest sårbare for skadelege kjemikaliar, seier fagdirektør Gunstein Instefjord hos Forbrukarrådet.

Les også:

Rår småbarnsforeldre til å levere tilbake vognene

Forbrukarrådet meiner småbarnsforeldre bør levere tilbake vognene, og er svært skeptisk til at Stokke ikkje har informert kundane sine om resultata i den tyske testen.

Å tilbakehalde informasjon om innhald av ulovlege helseskadelege stoff i varer til spedbarn, slik Stokke her har gjort, ser vi svært alvorleg på. Etter vår vurdering er dette eit produkt som er ulovleg å selje, og det har forbrukarane krav på å få vite, seier Instefjord.

Testen avdekte 35 gram per kilo av det svært giftige stoffet SCCP. Instefjord viser til at alle som leverer produkt med over 0,1 prosent konsentrasjon av visse farlege giftstoff, har informasjonsplikt overfor kundane.

  • Har du kjøpt ei Stokke Trailz, ta kontakt med vår reporter Synnøve Hole

Viser til ulike testmetodar

Stokke sjølv seier ulike testmetodar er årsaka til at stokkevogna kom så dårleg ut. Dei har i etterkant gjort fleire eigne testar, som ifølgje kategoridirektør Kristin Stormanger har gitt langt betre resultat.

Dei høge verdiane har veldig stor samanheng med testmetoden, seier ho og viser til at Stokke har testa vogna i samsvar med europeiske retningsliner.

Ho meiner at dei ikkje pliktar å opplyse kundane sine om funna i den tyske testen.

– Riv ruskande gale

Men Forbrukarrådet meiner Stokke har misforstått, og viser til ei rettssak som om kort tid kjem opp for EU-domstolen. Der vil det bli avgjort om innhald av giftstoff skal målast i forhold til kvar enkelt del. På den måten vil ein sikre minst mogleg giftstoff i kvar enkelt del.

Norske styresmakter har alltid meint og forstått det slik at testane skal gå føre seg på komponentnivå, seier Instefjord.

Han samanliknar testmetoden til Stokke med å bruke asbest i ein soveromsvegg, og så vise til at det er knapt sporbart, dersom ein tek vekta på heile huset.

Dette er fullstendig riv ruskande gale, seier han.

Trekte tilbake handtak på grunn av «teknisk svikt»

Kort tid før testresultatet blei offentleggjort, trekte Stokke tilbake handtaka frå marknaden, men utan at funnet av miljøgifta SCCP blei nemnt med eit ord.

Vi visste ikkje om det tyske resultatet, men ønskte å få tilbake vognene på grunn av ein teknisk feil, seier Stormanger.