Hopp til innhold

Svært få gjer som desse

Sju år etter at lova opna for det er det svært få homofile og lesbiske som blir fosterforeldre. Mange einslege går på kurs, men det er svært få likekjønna par som melder seg.

Kjetil Åmelfot og Simen Listein

Paret Kjetil Åmelfot og Simen Listein ønskjer å bli fosterforeldre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Meir enn 9000 barn bur i fosterheim her i landet. I Møre og Romsdal er det seksti einslege som er fosterforeldre, men berre fem likekjønna par. Yttarst få av dei godkjende fosterforeldra er av same kjønn, slik som sunnmørsmennene Kjetil Åmelfot og Simen Listein.

Dei har vore eit par i nesten seks år. Det er omtrent like lenge som norsk lov har opna opp for at for homofile og lesbiske kan bli fosterforeldre. No kan det vere få veker att til eit lite barn dukkar opp heime hos dei.

– Vi er ganske omsorgsfulle. Det trur eg fleire av dei i omgangskretsen vår kjem til å svare dersom du spør dei, seier dei to.

Behov for fleire fosterforeldre

Men det er strenge krav for å bli fosterforeldre. Først og fremst må dei godkjennast av kommunen, og ikkje minst dei biologiske foreldra til barnet.

Tove Nygård, ved fosterheimstenesta i Ålesund kommune,

Tove Nygård, ved fosterheimstenesta i Ålesund kommune, har inga god forklaring på kvifor få likekjønna par melder seg som fosterforeldre.

Foto: NRK

Tove Nygård, ved fosterheimstenesta i Ålesund kommune, har inga god forklaring på kvifor få likekjønna par melder seg som fosterforeldre.

– Det er vanskeleg å gi eit konkret svar på kvifor ikkje fleire melder seg, men det kan skuldast at det er relativt kort tid sidan lova opna opp for det. Kanskje blir det fleire som tek kontakt med oss i åra som kjem, seier Nygård.

Ho fortel at det generelt er behov for fleire fosterforeldre og at dei oppmodar alle som ønskjer å hjelpe om å ta kontakt.

– Vår oppgåve er å finne rett heim til kvart enkelt barn. Fosterbarn er ulike i alder, personlegdom og omsorgsbehov. Difor treng vi mange ulike familiar for å finne dei som passar best til dei barna som treng det, seier Nygård.

Ho fortel vidare at dei ikkje har hatt negative erfaringar med likekjønna fosterforeldre.

– Nei, det viktigaste er at dei som ønskjer å bli fosterforeldre har tid, overskot, er samarbeidsvillige, rause og at dei har eit ekte ønske om å hjelpe barna, seier Nygård.

Har eit klart ønskje

For Kjetil Åmelfot og Simen Listein er draumen klar og tydeleg, medan dei ser ikkje vekk ifrå at andre i same situasjon kanskje fryktar reaksjonar.

Marit Heggen Stokke, seniorkonsulent i BUF-etat.

Marit Heggen Stokke, seniorkonsulent i BUF-etat, trur likekjønna par kan bli like gode fosterforeldre som alle andre.

Foto: Remi Sagen / NRK
Kjetil Åmelfot og Simen Listein

Kjetil Åmelfot og Simen Listein ønskjer å bli fosterforeldre.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi meiner at så lenge dei nærmaste synest det er greitt, så kan alle andre berre tenke det dei vil, seier dei to.

I leilegheita deira i Ålesund har dei fått besøk av BUF-etat. Dei blivande fosterforeldra får tett oppfølging og kursing.

– Vi vil jo at dei skal vere best mogleg førebudd på å ta imot dette barnet, seier Marit Heggen Stokke, seniorkonsulent i BUF-etat.

Ho har stor tru på at dei to vil bli gode fosterforeldre.

– Dei er varme og har mykje empati. I tillegg er dei begge onklar og har mykje erfaring med barn, seier Stokke med eit smil.