SV vil ha ny grøn næringspolitikk
På konferansen til Møre og Romsdal SV fekk rundt 70 engasjerte deltakarar mange innspel til korleis ein kan legge til rette for eit grønt skifte i næringspolitikken. – Utnytting av dei fantastiske naturgjevne energi- og råstoffressursane vi har, skal saman med kunnskap skape framtidsnæringane, meiner Andreas Halse (SV).