Hopp til innhold

SV vil ha lyntog: – Mindre pes og meir klimavennleg

Landsmøtet i SV har vedteke at dei skal satse på utbygging av eit nasjonalt tognett. Fylkesleiar i Møre og Romsdal, Kim Thoresen-Vestre trur tida er inne for lyntog.

Kim Thoresen-Vestre

Fylkesleiar i SV, Kim Thoresen-Vestre, gir ikkje opp arbeidet med lyntog.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen / Marius Nyheim Kristoffersen

Planane om lyntog er tilbake på prioriteringslista til SV. Partiet har gått på val med krav om satsing på lyntog fleire gongar før. Laurdag vedtok landsmøtet at dei vil satse på lyntog, som skal redusere reisetida til 2,5 timar mellom dei største byane i Sør-Noreg og mellom dei skandinaviske hovudstadane. Møre og Romsdal SV har vore pådrivarar i saka og meiner det er meir realistisk enn nokon gong å få det til.

– Vi har ei klimakrise som trenger seg stadig nærare på. Det at nordmenn flyg så mykje, gjer det stadig meir aktuelt, seier fylkesleiar Kim Thoresen-Vestre.

Han viser også til at det er mindre pes for den reisande å ta tog enn fly. Ikkje må passasjeren gjennom tryggleikskontroll og ikkje må bagasjen sjekkast inn.

Vil ikkje ha ferjefri E39

Møre og Romsdal SV har tidlegare sagt at ferjefri E39 er feil bruk av pengane og at dei heller vil ha lyntog. Det er berre knappe to veker sidan det vart kjent at regjeringa løyver to milliardar kroner i første perioden av Nasjonal transportplan til Møreaksen. Dette er eit tunnel- og brusamband som gjer det mogleg å krysse Romsdalsfjorden ferjefritt. Thoresen-Vestre meiner det betyr lite, fordi regjeringa berre har lovd ein liten del av det Møreaksen kostar.

– Pengane som er løyvd går inn i statsbudsjett der det ikkje er sikkert at det er den sitjande regjeringa som har makta. Då er ikkje det verdt noko særleg, meiner fylkesleiaren i SV.

De har snakka om lyntog i mange år utan at det har blitt realisert. Kva er annleis denne gongen?

– Vi byrjar endeleg å få gjennomslag for våre tankar i partiet nasjonalt og så står vi i ein situasjon der det ligg an til eit regjeringsskifte, hevdar Thoresen-Vestre.