NRK Meny
Normal

SV prøver på nytt å forby profitt i private barnehagar

Fire private barnehagar i Ålesund risikerer å måtte betale tilbake millionbeløp fordi kommunen meiner pengane ikkje har kome ungane til gode. No gjer SV eit nytt forsøk på å innføre eit forbod mot å ta ut profitt.

Leikeplass på barnehage

SV meiner at regelverket for private barnehagar er alt for uklart. Dei foreslår ei lovendring som hindrar at barnehageeigarar får ta ut profitt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ålesund kommune reagerer på at private barnehagar har høge leiarlønningar og at dei skal ha brukt pengar på blant anna firmabilar, naust og private låneopptak. Etter å ha gått gjennom rekneskapen til barnehagane, hevdar kommunen at fleire har brote lova.

– Eg fryktar at dette berre er toppen av isfjellet, for vi har eit svært uklart lovverk. Eg trur det er grunn til å frykte at store summar forsvinn ut av barnehagane til private formuar. Det er sløsing av skattebetalarane sine pengar, meiner SV-leiar Audun Lysbakken.

Audun Lysbakke

Partileiar i SV, Audun Lysbakken, meiner at alt offentleg tilskot og foreldrebetaling skal gå til barnehagen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil endre lova

Nesten halvparten av landets om lag 6000 barnehagar er private. Dei private barnehagane får størstedelen av inntektene sine frå offentlege tilskot og foreldrebetaling. Barnehagelova seier at tilskotet og foreldrebetalinga skal kome barna i barnehagen til gode. Barnehagen kan likevel ha et rimeleg årsresultat, men det er uklart kva som ligg i ordet rimeleg.

I mai vart SV sitt forslag om profittfri barnehage nedstemt. No prøver Lysbakken på nytt å endre lova, slik at det ikkje skal vere mogleg for private barnehagar å ta ut profitt i det heile teke.

– Vi vil ha ein enkel og grei regel om at kvar krone fellesskapet og foreldra betaler inn, skal gå til barnehagen. Det er ingen grunn til at pengar som er meint til barna, skal gå til å bygge formuar for rike eigarar, seier Lysbakken.

Skal få ta ut utbyte

Syver Hanken

Politisk rådgivar i Kunnskapsdepartementet, Syver Hanken (H)

Foto: Even Lusæter / NRK

Politisk rådgivar i Kunnskapsdepartementet, Syver Hanken (H) seier at regjeringa er for private barnehagar og at den private sektoren driv barnehagar med god kvalitet.

– Det ynskjer vi at dei skal halde fram med, og dei skal også få lov til å ta ut utbyte, seier Hanken. Regjeringa ynskjer no å kartlegge kva erfaringar kommunane har med regelverket, som vart endra i 2013. Blant anna skal dei sjå på korleis kommunane praktiserer reglane om bruk av offentleg tilskot og foreldrebetaling.

– Kartlegginga skal vere klar i løpet av hausten, og det vil gi oss eit betre grunnlag til å vurdere om det er behov for endringar, seier Hanken.

Lite utbyte

Marius Iversen, kommunikasjonsdirektør i Private barnehagers landsforbund, seier at det allereie er strenge reguleringar i økonomien i barnehagesektoren, som skal sikre at pengane kjem barna til gode.

– Tala viser at samla utbyte i sektoren er svært lite, samanlikna med overføringane, seier Iversen. Han meiner det er viktig at det er openheit rundt økonomien, slik at samfunnet kan ha tillit til at midlane vert brukt riktig og at det er fornuftig med ein gjennomgang av reguleringa i sektoren, slik regjeringa er i gang med.