Hopp til innhold

Staten betalar allereie 80 prosent – SV vil at dei skal ta ein større del av rekninga

Tiltak mot skred har blitt eit heitt tema etter ekstremvêr og evakueringar. SV vil bruke meir pengar frå statskassa til skredsikring.

Yvonne Wold og Lars Haltbrekken meiner staten må ta ein større del av rekninga for rassikring.

Rauma-ordførar Yvonne Wold og SV-topp Lars Haltbrekken vil endre reglane for kva staten og kommunen betalar for rassikring.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kjellarar under vatn, øydelagde bilar, bruer som brest og vegar som vert dregne ut i elva – den siste veka har store delar av Noreg kjend på og sett øydeleggingane ekstremvêr kan gjere.

Ikkje berre heimar og infrastruktur har blitt skadd, men forsikringsselskap melder om moglege forsikringskrav på ein halv milliard kroner.

Alt dette har ført til merksemd kring behovet for skred- og rassikring.

Sosialistisk Venstreparti vil at staten skal hjelpe kommunane endå meir med å byggje rasvollar og andre sikringar for å hindre slike store skader.

Les også Ekstremvær som "Hans" gir dyrere forsikring

Veit kva som skjer om skredet kjem

I Innfjorden i Rauma kommune ligg både bustadar på Skjelbostad og fabrikken til Grande trevare skredutsett til.

Dagleg leiar av fabrikken huskar godt kva som skjedde ein dag på 90-talet.

– Lausmasseskredet kom helt inntil husveggen på fabrikken, og tok med seg eit hus og ei løe som stod her, seier Torbjørn Hjelden og peikar.

I dag er det ikkje mange spor att etter storskredet, men sjansen for at det vil skje igjen er der.

RAUMA stills 1 MR

Eit lausmasseskred gjorde store skadar på Skjelbostad i Innfjorden i Rauma kommune i 1991. Området er framleis skredutsett.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Eit lausmasseskred gjorde store skadar på Skjelbostad i Innfjorden i Rauma kommune i 1991. Området er framleis skredutsett.

Skjelbostad i Innfjorden er berre ein av stadane i Rauma som treng ras- og skredsikring.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire små prosjekt kostar mykje

Om ein vil sikre bygningar og vegar med til dømes skredvollar, kan det fort koste mange millionar kroner.

I dag dekkjer staten 80 prosent av utgiftene, medan kommunane står for resten.

I lia over husa og fabrikken i Innfjorden er det føreslått utbetringar til 30 millionar kroner. Det vil bety at det kostar Rauma kommune 6 millionar kroner å byggje rasvollar.

Men dette er berre éin av stadane som treng slike tiltak – i ein kommune med eit utal av bratte fjell, tronge fjordar og utsette vegar og hus.

– Om vi skal klare å sikre alle dei skredutsette områda hjå oss, so vil vi ikkje ha midlar til det. Vi kan ikkje pålegge enkeltpersonar eller einskilde bedrifter dei enorme kostnadane med førebygging, seier SV-ordførar i Rauma, Yvonne Wold.

Men er 6 millionar kroner ein so stor utgift, sjølv for ein kommune som Rauma?

– Ja, faktisk er det det. Vi har avgrensa moglegheiter til å ta opp lån og har ikkje pengar på bok. Dette gjeld ikkje berre for Rauma, men for mange kyst- og distriktskommunar over heile landet, seier Wold.

Lars Haltbrekken snakker med Yvonne Wold om kvifor han meiner staten bør finansiere meir av rassikringa i kommunane.

Raumaordførar Yvonne Wold får støtte av den røynde klimapolitikaren og SV-toppen Lars Haltbrekken.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Store kommunar med mykje natur og få folk, betyr altfor dyr rassikring, altso.

Den røynde klimapolitikaren og SV-toppen Lars Haltbrekken meiner uvêret den siste veka burde vere ein vekkjar for å førebu samfunnet for konsekvensane av klimaendringane.

– Men det kommunane eventuelt er nøydde til å betale, er jo berre 20 prosent, er ikkje 80 prosent dekning av staten godt nok?

– Det høyrast jo mykje ut, men for enkelte kommunar kan 20 prosent vere snakk om veldig store beløp, fordi dei har mange område som er utsett for flaum og skred. Vi er nøydd å sjå på denne fordelinga og om ikkje staten skal ta ein større del av kostnadane, seier Haltbrekken.

RAUMA stills 1 MR

Lars Haltbrekken og Yvonne Wold meiner område som det i Innfjorden treng sikring, og at staten bør spytte inn meir pengar til det.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vil ikkje love noko konkret

Regjeringspartia seier dei er opne for å diskutere dagens løysing, men vil ikkje love noko snarleg endring.

– No er det slik at staten i dag tek det største ansvaret, men eg er oppteken av å lytte til dei innspela vi får. Så får vi diskutere det når vi både ser på inntektssystemet til kommunane, og ulike ordningar som gjeld for kommunane, seier Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister (Sp).

Same dag som SV-politikarane såg på skredproblemet i Innfjorden, var han på Trollstigen lenger inne i kommunen for å lære om rasproblematikken på den nasjonale turistvegen.

Ministeren seier han vil lytte til innspel, men kom ikkje med nokre konkrete lovnader om å endre ordninga for ras- og skredsikring.

Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister (Sp) i Trollstigen

– Eg er oppteken av at både små og store kommunar i heile Noreg skal kunne vareta tryggleiken for innbyggjarane sine, seier Sigbjørn Gjelsvik.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Haltbrekken i SV er viss om at sikring mot ekstremvêr kjem til å verte eit viktig tema i tida som kjem.

– Dette er aktualisert av ekstremvêret «Hans», men vi er også inne i eit valkampår. Slår de no politisk mynt på det som har råka tusenvis av nordmenn?

– Absolutt ikkje. Om ein ser på forslaga SV har hatt sidan 2016, so har vi til saman føreslått 6 milliardar kroner meir til flaum- og skredsikring, so dette er noko vi bevisst har prioritert gjennom mange år. No håpar vi at også regjeringa har skjønt alvoret vi står i, svarar Haltbrekken.