Hauge sit i Aukra kommunestyre. Han vil ikkje kritisere SV si stortingsgruppe som fredag ga støtte til ilandføring av Ormen Langegassen til Aukra.
Dette skjedde trass i at partiet tidlegare har vore svært kritisk til ilandføringsforslaget.
Ein av grunnane til motstanden har vore frykten for at gassen i neste omgang kan verte brukt til eit gasskraftverk.
Dette er ikkje med i konsesjonen til selskapa som no får føre gassen i land, men ifølgje Hauge er det sterke krefter i Arbeidarpartiet som vil prøve å presse fram eit gasskraftverk.