Hopp til innhold

Susar gjennom norsk natur i 300 kilometer i timen

Med ein jetmotor på ryggen sette dei luftfartshistorie. No er dei første klippa frå dokumentarfilmen «Loft–The Jetman story» klare.

I opptil 300 km/t flaug Yves Rossy, Vince Reffet og Fred Fugen gjennom storslått norsk natur. No er dei første klippa frå dokumentarfilmen «Loft–The Jetman story» klar.

Norsk natur med spisse fjell og djupe dalar kombinert med fart og spenning er noko av det ein får sjå i dokumentarfilmen.

Tom Erik Heimen

Tom Erik Heimen hadde ansvaret for logistikken då «Jetman»-prosjektet besøkte Noreg.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det er spektakulære bilde, eg fekk gåsehud då eg såg teaseren, fortel Tom Erik Heimen til NRK.

Den norske basehopparen var ansvarleg for all logistikken då «Jetman»-prosjektet besøkte Noreg for om lag to år sidan. I omtrent ein månad reiste eit team på om lag 30 personar rundt i Møre og Romsdal for å gjere opptak til filmen. På turen besøkte dei mellom anna Eikesdalen og Trollveggen i Romsdal og Stranda på Sunnmøre.

– Bilda eg har sett så langt er fantastiske. Vi i Noreg er ganske stolte av naturen vår, og eg trur ikkje folk blir mindre stolte etter å ha sett dette, seier Heimen.

Det var smp.no som først omtalte teaseren.

Jetman

Med jetmotordrivne vingar festa på ryggen kan dei flyge opptil 300 km/t.

Foto: Perch Pictures/Dubai Film (Skjermdump)

– Luftfartshistorie

«Jetman»-prosjektet blei starta av sveitsaren og den tidlegare jagarflypiloten Yves Rossy i 1996. I 2006 blei han den aller første personen til å flyge med jetmotordrivne vingar festa på ryggen. Til saman veg utstyret rundt 60 kg og kostar mellom éin halv til éin million. Rossy gir gass til jetmotorane ved hjelp av ei lita innretning som han held i handa. I tillegg bruker han heile kroppen til å styre vingane.

Jetman

Det blei bygd ei rampe på toppen av fjellet Helsetkopen i Stranda kommune.

Foto: Perch Pictures/Dubai Film (Skjermdump)

Dei siste åra har han også fått med seg Vince Reffet og Fred Fugen på laget. For det meste brukar dei fly eller helikopter til å hoppe ut av. Men då dei besøkte Noreg sette dei nye rekordar.

Dette var første gong nokon flaug med ein slik jetmotor i Noreg. I tillegg var det første gong eit menneske med ryggvingar tok av frå bakken. Det skjedde frå ei rampe som blei bygd på toppen av fjellet Helsetkopen på Sunnmøre. I opptil 300 km/t sette dei ut frå det bratte fjellet. Heimen fortel at det var stort å vere ein del av prosjektet.

– Det blei laga luftfartshistorie i fjellheimen vår den dagen. At eit menneske kan ta av på den måten går inn i historiebøkene.

Han trur «Jetman»-prosjektet kan vere eit frampeik på utviklinga innanfor luftfart.

– Det er langsiktig, men i framtida blir det kanskje slik at vi kan flyge til og frå jobben med ein jetpack på ryggen. Men det kjem nok ikkje til å ta av, for det er enorme budsjett det er snakk om.

Det norske crewet som satt opp rampen,

Det norske crewet som sette opp rampen ved Helsetkorpen: Frå venstre Bobby Szerszyn, Cato Nordbakk, Shane Dunn, Sondre Bredeli, og logistikkansvarleg Tom Erik Heimen.

Foto: Tom Erik Heimen/privat

Sikkerheit i fokus

Heimen har årevis av erfaring frå blant anna basehopping og veit at det alltid er knytt ein risiko til slike prosjekt. Han vektlegg at sikkerheita var i fokus både før og under innspelinga.

Basehopping

Alle arbeidsdagane blei avslutta med basehopping. Heimen (i front) er sjølv ein aktiv basehoppar.

Foto: Tom Erik Heimen

– Dei måtte ha tillit til at eg kunne organisere dette og eg måtte ha tillit til at dei kunne gjennomføre flygingane på ein trygg og god måte. Sikkerheita var i høgsete.

Prosjektet møtte også motstand frå naturvernarar og norsk forvaltning under planleggingsfasen. Heimen meiner likevel at det i nokre tilfelle må vere opning for å gjennomføre slike prosjekt i norsk natur.

– Det er motor i norsk natur, men samtidig viser det naturglede og dei inntrykka som er her. Det er fossefall, fjell, dalar og fjordar. Det er ei vanvettig reklame for norsk natur, seier han.