NRK Meny
Normal

Surnadal Sparebank ønskjer innsyn

Surnadal Sparebank ønskjer innsyn i Svorka-saka - den avtroppande direktøren i energiselskapet er også styreleiar i banken.

Surnadal Sparebank ser alvorleg på at revisorar meiner avtroppande administrerande direktør i Svorka, Ove Skrøvseth, har brote rekneskapslova og god forretningsskikk.

Krev innsyn

Skøvseth er også styreleiar i Surnadal Sparebank og dagleg leiar i banken, Allan Troelsen seier dei no ønskjer å få innsyn i revisjonsrapporten.

- Ove Skrøvseth har vore styreleiar i banken i åtte år. Han har gjort ein god jobb og vi har ikkje noko å utsetje på det han har gjort for oss, presiserer Troelsen.

Alvorleg

Troelsen seier dei vil ha fram meir dokumentasjonen i saka raskt, og at dei ser alvorlig på at revisorane til Svorka meiner Skrøvseth har brote reknenskapslova og god forretningsskikk.

- Vi vil gå grundig igjennom saka. Utifrå dette må vi vurdere kva konsekvensar dette skal få for Ove Skrøvseth sitt verv i banken.

Melder ikkje Skrøvseth til politiet

Styret i Svorka meniner det ikkje er grunnlag for å melde avtroppande administrerende direktør Ove Skrøvseth til politiet.

Bakgrunnen for saka er at han gjorde ei avtale med dåverande styreleiar om at selskapet skulle betale for arbeid på hytta hans, mot at Svorka fikk leie hytta.

Styreleiaren i Svorka, John Ole Aspli, seier dei har brukt skjønn sjølv om revisjonsrapporten viser fleire lovbrot.