Hopp til innhold

Supporterane trur på rykta

- Eg trur absolutt at det er noko i rykta, seier Eva-Brit Mauseth i Tornekrattet.

Ole Gunnar Solskjær

KAN VERTE TRENAR: Indisiane er mange på at kristiansundaren Ole Gunnar Solskjær snart gjer moldensar av seg.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Måndag har fleire spekulert i at Solskjær vert presentert som ny moldetrenar tysdag.

Frå fleire hald

Far Solskjær stadfestar at sonen skal til rosenes by tysdag.

Overfor Nordlys stadfestar Per-Mathias Høgmo i TIL at Tromsø-trenar Mark Dempsey skal vere assistenttrenar for Ole Gunnar Solskjær i Molde.

- Som eit flugepapir

Knut Nesbø

- FLUGEPAPIR: Knut Nesbø i NRK.

Foto: NRK

- Det vil vere eit enormt løft for rekrutteringa til Molde fotballklubb om Ole Gunnar Solskjær tek over som trenar i klubben, seier NRK sin fotballmedarbeidar Knut Nesbø.

Han meiner kristiansundaren vil vere eit flugepapir på norske talent.

- Alle unge gutar ser opp til Solskjær. Han viste at ein kan vere ein enkel gut frå landet som trass i eit beskjedent talent klarer å verte verdas mest berømte nordmann, seier Nesbø.

Trur på eit løft

Eva-Brit Mauseth

TRUR: Eva-Brit Mauseth trur Solskjær kjem til Molde.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Også Tornekrattet meiner det vil vere eit løft å få Solskjær til byen.

- Det å få ein profil som han til byen er eit skup. Eg trur på voldsomme ringverknader om det kjem i stand, seier Eva-Brit Mauseth.

Det har vore kjent lenge at MFK har jakta på Manchester United-stjerna.