Hopp til innhold

Supertalent til Molde

Even Hovland frå Sogndal er klar for Molde Fotballklubb. Sogndølen og Molde blei i dag einige om ein 3-års kontrakt.

Solskjær og Hovland

Idag undertegnet Even Hovland en 3-årskontrakt med Molde og Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

MFK og Ole Gunnar Solskjær har vore ute etter midtstopparen i lang tid.

-Dette er den mest spanande spelaren i Noreg, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.

Solskjær beskriver Hovland som ein moderne midtstoppar med fart, styrke, god i lufta og har ein god pasningsfot.

-Dette er ei veldig god signering for klubben, sier Solskjær.

Sjølv seier Hovland at valet var enkelt etter at Molde la fram forslaget til kontrakt.

Fleire har jakta Hovland

Det har gått fleire rykter om at russiske klubbar har jakta på Sogndalspelaren. Men på pressekonferansen i Molde i dag, seier Hovland at tilbodet frå Molde er det einaste konkrete tilbodet han har fått.

Even Hovland seier at det var viktig for han at det er Ole Gunnar Solskjær som leiar Molde, og at dette bidro til å gjere valet enkelt.

Even Hovland har vore ein ettertrakta spelar siste året: