Hopp til innhold

Ein av fire gjer som Georg (20) og stemmer Senterpartiet

Senterpartiet fossar fram i Møre og Romsdal og får rekordoppslutning på 24 prosent i NRKs supermåling for august. Det gir partiet to representantar på Stortinget frå fylket.

Georg Lillevik.

PÅ TURNE: Georg Lillevik er på fylkesturne med Senterungdommen i Møre og Romsdal. Han har no kommen til Smøla på Nordmøre.

Foto: Privat

Ein av dei som vil at Jenny Klinge får selskap av Geir Inge Lien på Stortinget er Georg Lillevik (20) frå Sykkylven. Han gjekk inn i lokallaget i heimbygda på Sunnmøre for to år sidan.

– Eg såg meg lei på all sentraliseringa. Eg blei lei av nedlegging av lensmannskontor, helsetenester, og alle andre viktige tenester som gjer det mogleg for folk å bu der dei vil bu, seier han.

Meningsmåling august 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med juni 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.4% (endring: +1.8
SV: 6.3% (endring: +2.2
AP: 19.1% (endring: +1.8
SP: 24.1% (endring: +3.8
MDG: 2.1% (endring: -1.0
KRF: 5.1% (endring: -0.1
V: 1.7% (endring: -0.5
H: 15.3% (endring: -7.7
FRP: 16.9% (endring: -1.1
Andre partier: 5.1%
Utført av Norstat 2.–10. august600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Norstat, som har utført målinga for NRK opplyser at feilmarginen i denne målinga varierer mellom 1-4 prosentpoeng

– Fenomenalt artig

Jenny Klinge frå Surnadal har vore stortingsrepresentant for Senterpartiet i 14 år.

– Eg har lengta etter selskap lenge no. Eg har vore aleine Sp-representant frå Møre og Romsdal i alle åra eg har vore på Stortinget. Så dette er heilt fenomenalt artig, seier ho.

Klinge seier at ho eigentleg ikkje er så opptatt av meiningsmålingar.

– Det er ikkje så mange veker igjen til valet, men ei så god måling gir oss eit stort håp om at det skal gå an å få til eit ordentleg godt valresultat, og ikkje minst eit regjeringsskifte.

– Har du kondis til å stå dette løpet?

– I høgste grad. Det handlar mykje om å halde fram med å formidle alt det som vi er opptatt av, og å lytte til folk. Kampen blir nok kjempetøff. Meiningsmålingane er kjekke å sjå på. Men vi må huske på at det er valdagen som tel, seier Klinge.

Jenny Klinge

KLAR FOR SELSKAP: Jenny Klinge er klar for å få fleire partikollegaer frå fylket inn på Stortinget.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Høgre stuper

Ved valet i 2017 hadde Høgre ei oppslutning på 23 prosent. No er dei nede på 15. Partiet risikerer no å miste to av tre mandat frå Møre og Romsdal.

Vetle Wang Soleim kom inn som Høgre sin tredjekandidat ved valet i 2017. No er han andrekandidat, men Høgre får berre inn ein representant i denne målinga.

Vetle Wang Soleim

UTE: Vetle Wang Soleim (H) vil brette opp ermet og jobbe for at Høgre får fleire representantar frå Møre og Romsdal på Stortinget.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi veit at slike ting har snudd fort. No er vi akkurat i starten av ein valkamp fram mot valdagen. Vi skal brette opp ermene våre og snakke med folk. Vi skal snakke om vår politikk, og snakke om kvifor vi meiner at Erna Solberg er den rette statsministeren, også for de neste fire åra, seier han.

Arbeidarpartiet størst i landet

Per Vidar Kjølmoen (Ap) er førstekandidat i Møre og Romsdal. Han er godt fornøgd med at partiet er størst i landet. Arbeidarpartiet har 25 prosent oppslutning nasjonalt i i NRKs supermåling for august.

– Vi tek ingenting for gitt i Møre og Romsdal. Det blir eit tøft val. Vi kjem til å gi hundre prosent, heilt inn til valdagen for å sikre at eg og Åse Kristin Bakke kjem inn på Stortinget. Vi vil gjerne ha inn Berit Tønnesen frå Kristiansund også, seier Kjølmoen.

Fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal Per Vidar Kjølmoen (Ap).

Per Vidar Kjølmoen er fylkesleiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti, og 1.-kandidat.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stabilt for Framstegspartiet

Frp-bastionen Møre og Romsdal held framleis stand. På landsplan må partiet tole ein tilbakegang og får 10,9 prosent oppslutnad.

Men tala er annleis i heimfylket til partileiar Sylvi Listhaug. Her skårar ho jamt høgt. Dette sikrar Frank Sve, andrekandidaten, ein plass på Stortinget til hausten.

– Vi ligg stabilt rundt 17 prosent og er nå tredje største parti i Møre og Romsdal. Vi vil jobbe hardt for å få et godt valresultat. Frp er garantisten mot venstreradikale parti som vil gjere det vanskelegare og dyrare for folk flest.

Frank Sve

SIKRA PLASS: Frank Sve har ikkje vore på Stortinget sidan han var Vararepresentant nr. 4 for Møre og Romsdal mellom 2001 og 2005.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kan få Stortingsplass

To andre parti som overraskar på partimålinga er Raudt og SV. Birgit Oline Kjerstad frå SV håpar på ein plass på Stortinget, og partiet kan stikke av med utjamningsmandatet i Møre og Romsdal.

– Det har eg hatt trua på heile året, heilt frå eg stilte, seier Kjerstad.

Birgit Oline Kjerstad, førstekandidat for SV til Stortingsvalet 2021

HAR TRUA: Birgit Oline Kjerstad, førstekandidat for SV i Møre og Romsdal.

Foto: Pressefoto SV

For Stein Kristiansen frå partiet Raudt har meiningsmålinga gått over all forventning.

– Møre og Romsdal har ikkje vore kjent for å vere det sterkaste fylket for Raudt. Vi gjekk inn i valkampen med ei målsetting om at vi iallfall skulle bryte sperregrensa for å vere med å dra lasset for heile Raudt. Denne målinga gir oss eit innmari godt løft inn i innspurten i valkampen.

Stein Kristiansen, Rødt

FØRSTEKANDIDAT: Stein Kristiansen frå Kristiansund er Raudt sin 1.-kandidat i Møre og Romsdal.

Foto: Marie Myklebostad / NRK

Mandatfordeling august 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 2 mandater, endring 0
SP: 2 mandater, endring +1
FRP: 2 mandater, endring 0
H: 1 mandat, endring -2
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 2.–10. august600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Møre og Romsdal. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Møre og Romsdal gått til Sosialistisk venstreparti

Les mer om NRKs meningsmålinger
Ingunn Solheim og politisk kommentator Lars Nehru Sand går dypere inn i bakgrunnstallene for målingen.

Ingunn Solheim og politisk kommentator Lars Nehru Sand går dypere inn i bakgrunnstallene for målingen.