Hopp til innhold

Frifunnen for mishandling av kjærasten

Ein 51 år gamal sunnmørsmann var blant anna tiltalt for å ha mishandla kjærasten medan ho var på veg til sjukehus for å føde. No er han frifunnen.

Dom Sunnmøre tingrett
Foto: Lena Høyberg / NRK

Mannen var tiltalt for fleire brot på straffelova, men er no frifunne for dei mest alvorlege punkta.

I dommen går det fram at retten ikkje finn det sannsynleg at mannen har gjort alt som kvinna har forklart.

Den tidlegare kjærasten hans har fortalt politiet at 51-åringen skal ha mishandla henne medan dei var på veg til sjukehus for å få barn. Han skal og, ifølgje henne, ha trua ein annan mann på livet.

Turbulent forhold

Ho hevda at mannen skal ha trua og mishandla henne i ein periode på åtte år. Det har ikkje retten trudd på, og meiner at kvinna ikkje har snakka sant.

Retten meiner å ha bevis for at paret har hatt eit turbulent forhold prega av konflikt og mistillit. Det skal fleire vitne ha bekrefta.

Mishandling

Kvinna fortalde også at mannen skal ha brote seg inn i huset hennar hausten 2012. Og deretter slått hovudet hennar inn i ein vegg.

Vidare forklarte ho at han slengde henne i golvet slik at ho landa på glasskår. Ho skal da ha prøvd å rømme, men mannen slo henne igjen og trua med å drepe henne.

Fleire liknande tilfelle er nemnt i tiltalen. Sunnmørsmannen skal også ha kasta henne i veggen, nedover ei kjellartrapp og tatt kvelartak på henne, ifølgje kvinna sjølv.

Må betale bot

Det einaste retten vil dømme sunmørsmannen for er drapstruslar mot ein mann som kvinna skal ha hatt sex med og for å ha brote seg inn i kvinna sin bustad hausten 2012.

Mannen må betale 9000 kroner i bot, og er dømd til subsidiært fengsel i 12 dagar.

Mannen treng ikkje å betale erstatning til kvinna, og heller ikkje sakskostnader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL