Hopp til innhold

Vil kurse sunnmørskommunar i innovasjon

Bakgrunnen er kommunereforma som set krav til at kommunane løyser oppgåvene sine på nye måtar i framtida.

Ålesund Rådhus

Fylkeskommunen har sett av to millionar kroner for at kommunar skal lære seg å tenke nytt. Her Ålesund rådhus.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fylkeskommunen har løyvd to millionar kroner for at 19 kommunar skal få kurs i å tenke nytt i offentleg sektor.

Anne Mette Liavaag

Anne Mette Liavaag, leiar for prosjektet, trur fleire kommunar kan nyte godt av meir innovasjon.

Foto: Eli Anne Tvergrov

Prosjektleiar Anne Mette Liavaag trur kommunane har stort utbytte av dette.

– Vi ønsker å skape ein kultur for innovasjon i kommunane, og det er ikkje tilfeldig at vi gjer det no.

Vi står framfor ei kommunereform, og Liavaag vil at dette skal hjelpe framtidige kommunar å bli sterkare.

Høgskulen på Lillehammer har ei eiga innovasjonslinje og er ansvarleg for gjennomføringa. Kvar kommune må ha med seg eit prosjekt dei vil jobbe med – og så skal dei få rettleiing gjennom kurset.

Ørsta først ute

Ørsta kommune var den første som melde seg på, dei vil jobbe med skule og barnehage, medan nabokommunen Volda vil sjå på korleis dei kan samarbeide tettare med frivillige organisasjonar. Liavaag meiner kommunane stadig oftare blir tvinga til å tenke nytt.

– Trang økonomi er ei av mange utfordringar som tvingar kommunane til å tenke nytt. Oppgåver som skal bli gjort sjølv innan stramme økonomiske vilkår. Det er verdifullt å jobbe saman på nye måtar, seier prosjektleiaren.

Regionråda for Romsdal og Nordmøre har enno ikkje konkludert om dei har behov for slike kurs.