Sunnmørske dronar nominert til pris

GRIFF Aviation AS i Sykkylven er nominert til prisen Norwegian Tech Award 2018. Sjef for GRIFF Aviation Leif Johan Holand seier han er stolt av at arbeidet dei legg ned i å utvikle ein av verdas første industrielle drone blir lagt merke til. Tech Awards er ein viktig pris innan teknologiske nyvinningar i Noreg og blir delt ut 28. november i Oslo. Bak prisen står Teknisk Ukeblad, Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon, NITO og Teknisk-naturvitenskapelig foreining, Tekna.

Drone i Sykkylven
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK