Hopp til innhold

Sunnmørsk buekorps på Kvamsøya

Trommegruppa på Kvamsøya tel 14 medlemmer og er større enn hornmusikken som berre har 9-10 på det meste.

Trommegruppe på Kvamsøya er populært.

Her er heile tromme/perkusjonsgruppa på Kvamsøya samla. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

I 17.mai-toget på øya går Kvamsøy tromme/perkusjonsgruppe fremst, medan hornmusikken kjem rett bak.

Primus motor er Helge Støylen. Kjend på øya også som varaordførar i Sande og med i familiebedrifta Brimer.

Helge Støylen er primus motor

Helge Støylen er primus motor for trommegruppa.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Det var i grunnen eg som hadde ideen til denne trommegruppa, seier Støylen. Eg såg at vi hadde problem med rekrutteringa til hornmusikken og ville finne på noko anna. Ettersom eg ikkje kan notar sjølv, men har drive med trommer og perkusjon fall det naturleg å prøve akkurat det.

- Det er i grunnen veldig kjekt at me er så mange som 14 i denne trommegruppa. På øvingane har me det kjekt og 17.mai er sjølsagt eit høgdepunkt.

- Det er nok litt spesielt at trommegruppa er større enn sjølve hornmusikken. Eg er ikkje sikker på at det er så mange andre plassar der det er ei så stor trommegruppe sett i forhold til folketalet, seier Støylen.

Men kvifor vart det så populært, trur du ?

- Eg trur kanskje at her på ein så liten plass så er det ikkje så veldig mange tilbod eigentleg. Idrett og spesielt fotball er mest i fokus, og dette er litt på sida av det, og ein får dermed sjansen til å vere med på noko anna.

Korleis vert det på 17.mai då ?

- Då vert det full fres og vi kjem til å høyrest over heile øya, det er heilt sikkert, seier trommesjefen.

Både store og små er med i tromme/perkusjonsgruppa på Kvamsøya.

Både store og små er med!

Foto: Arne Flatin / NRK

Siste øving

NRK er på skulen på Kvamsøya i veka før 17.mai for å følgje den siste øvinga før nasjonaldagen.

Det er først og oppvarming i eit av klasseroma. Alle står samla rundt nokre bord og øver på finne rytma med trommestikkene. Dei fleste som er med er barn, nokre tenåringar og eit par vaksne.

Etter at oppvarminga er ferdig er det ut i den vakre, men likevel litt vindfulle, maidagen for å marsjere. Helge Støylen har fløyta i munnen og gir klare beskjedar til alle i korpset.

Bakerst går tre med stortrommer og marsjeringa skjer akkurat denne dagen på den gamle grusbana på Kvamsøya. Vanlegvis brukar dei å gå langs vegane når dei øver ute.

Christina Skarmyr Beitveit og Tobias Ristesund Werkland

Christina Skarmyr Beitveit og Tobias Ristesund Werkland synest det er veldig kjekt i trommekorpset.

Foto: Arne Flatin / NRK

To av dei som er med er Tobias Ristesund Werkland og Christina Skarmyr Beitveit. Dei synest begge dette er veldig kjekt.

- Eg er glad i musikk og tenkte eg skulle sjå om dette var noko for megm og det er det så absolutt, seier Christina.

- Det er i grunnen imponerande at me har greidd å samle så mange på ein så liten plass, meiner Tobias.