Bedrifta Prodtex AS i Ulsteinvik har tidlegare brukt kunnskap frå vertfsnæringa til å bygge stålbruer. No brukar dei denne teknologien til å utvikle køyretøysperrer.
Sperrene gjer at folk kan bevege seg fritt, men køyretøy kan ikkje passere så lenge sperrene står oppe.
Likte presentasjonen
Kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Foto: Arne Flatin / NRKI dag var kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i Ulsteinvik for å besøke Prodtex AS. Han seier at dei nye sperrene dei utviklar er svært viktige for å sikre regjeringskvartalet.
Det er altså Statsbygg som gir sunnmørsbedrifta kontrakten. Regjeringskvartalet må vere ope og trygt. Då må det lagast rørlege køyretøysperrer som kan regulere trafikken inn og ut av området, heiter det frå Statsbygg.
Liknande sikringsprosjekt i Noreg toler ikkje like godt kulde, snø og salt. I det nye regjeringskvartalet vert det difor betre løysingar som Prodtex leverer.
Sigbjørn Nordstrand er dagleg leiar i Prodtex AS
Foto: Arne Flatin / NRKDagleg leiar i Prodtex, Sigbjørn Nordstrand seier dette er ein prestisjekontrakt for dei. Samtidig er potensialet stort for dette produktet og Nordstrand har god tru på at dette skal verte ein kommersiell suksess.
Innovasjonsprosjekt
Kontrakten med Prodtex er også ein del av eit innovasjonsprosjekt.
Med støtte frå Innovasjon Noreg gjennomfører Statsbygg prosjektet «STAUT – køyretøysperre til å stole på».
Bakgrunnen for dette igjen er at Stortinget har vedtatt at bygginga av regjeringskvartalet skal legge til rette for innovasjon og utvikling hos norske leverandørar.
Første leveranse no i juni
Ifølge avtalen skal Prodtex AS levere sperrer til byggesteg ein, med moglegheit for å levere meir i seinare byggesteg. Kontrakten er på 26 millionar kroner med første leveranse allereie denne månaden.
Kommunal- og distriktsministeren seier det er bra at slike utviklingar skaper nye arbeidsplassar både i Ulsteinvik og i Vanylven der bedrifta har produksjonslokale.
Foto: Arne Flatin / NRK