Hopp til innhold

- Vi er Sunnmøringar og heiar på Molde

Finn minst ein «feil» på dette biletet. Tenkte også du på kombinasjonen av Sykkylven og Molde? På ein dag då Molde og Aalesund spelar lokalt toppoppgjer i eliteserien i fotball?

Sykkylvingar heiar på Molde

Dei er Sykkylvingar og heiar på Molde: Odd Lennart Lien, Ingunn Tandstad, Henning Tandstad og Martin Høydal.

Foto: Terje Reite / NRK

Denne «feilen» er slett ikkje nokon feil. Du ser heilt rett. Dei du ser på biletet er rotekte sykkylvingar, og dermed rotekte sunnmøringar. Og dei heiar på Molde, laget frå Romsdal.

Dermed kan ein kanskje tru at dei aktivt er med på å bryte ned mytane om forholdet mellom sunnmøringar og romsdalingar. Men forklaringa finn vi fleire år tilbake.

– Vi er veldig, veldig mange på Sunnmøre som held med Molde. Eg har heia på Molde i 25 år, seier Odd Lennart Lien.

– Vi har reist på kampar her i Molde frå vi berre var 7 år gamle. På den tida var Molde det beste laget, og du skiftar berre ikkje lag å heie på, seier Henning Tandstad.

I mange, mange år var Molde det einaste laget frå Møre og Romsdal som hevda seg i den øvste divisjonen. Dermed blei det ikkje heilt uvanleg at folk frå Sykkylven, Stranda, Ørsta, Volda og andre stader på Sunnmøre tok på seg dei blå fargane, og reiste på kamp i Molde.

– Eg visste nesten ikkje at Aalesund var noko fotballag før dei rykte opp i eliteserien, seier Martin Høydal.

Denne fine søndags ettermiddagen har dei plassert seg sentralt på ein av uterestaurantane ved Storgata i Molde. Og det har ikkje mangla på reaksjonar frå dei forbipasserande.

– Det er mange som har smilt og vitsa litt. Men for ei lita stund sidan fekk vi også skikkeleg kjeft frå ei eldre Ålesunds-frue. Ho meinte det var feil av oss som sunnmøringar å heie på Molde no når Aalesund spelar i same divisjon. Men det er ingen automatikk i at sunnmøringar må heie på Aalesund, seier Martin Tandstad.