Hopp til innhold

Sunnmøring i London: – Prøver å fungere som normalt

Dagen derpå i London fortel 25 år gamle Anne Holm Roppen frå Ulsteinvik på Sunnmøre at ho føler seg trygg etter terrorangrepet i storbyen. – Men vi er kanskje meir på utkik, seier ho.

Politiet holder vakt uten for Parlamentet i London

Politiet i London heldt vakt utanfor Parlamentet, medan krimteknikarar jobba på staden i timane etter terrorangrepet i går 22. mars.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP

Etter terrorangrepet i London onsdag blei 25-åringen oppringt av søstra heime i Noreg, og fekk fortalt at det var meldt om skyting.

Anne Holm Roppen og Mari Vikanes

Anne Holm Roppen (t.v.) frå Ulsteinvik bur i London.

Foto: Privat

– Då gjekk eg inn på nyheitene og såg, og eg fekk vite av kollegaene mine kva som hadde skjedd i London. Det er veldig trist, seier Holm Roppen, som bur i Vest-London saman med sambuaren Joe og deira eitt år gamle son Emil.

Ho jobbar innan HR i den engelske hovudstaden og fortel at dagen derpå har vore relativt normal.

– Ein prøver å fungere som vanleg. Vi ser at det er meir politi i gatene, sjølvsagt, men elles går ting som normalt.

Ikkje redd

I går, etter at angrepet skjedde, fortel sunnmøringen at ho fekk sjokk.

– Du reknar ikkje med at det skal skje slike ting når du vanlegvis føler deg trygg. Men det er ikkje noko du kan gjere noko med, ein må leve som normalt og prøve å la livet gå vidare.

Holm Roppen seier at ho har stor tillit til politiet i London og jobben dei gjer. Ho går ikkje rundt og er redd, men terrorangrepet er i tankane.

– Det er sjølvsagt slik at ein tenkjer meir over det inne i tjukkaste London, og spesielt i undergrunnen, seier 25-åringen til NRK.

Tenkjer på kollegaene

Ulsteinvikaren har budd i London i seks år og omtalar London som ein fantastisk by å bu i. Mot slutten av arbeidsdagen torsdag fortel ho at tankane går til fleire av kollegaene.

– Det er ekkelt at slike ting skjer i London, og eg tenkjer spesielt på dei av kollegaene mine som bur heilt inn i sentrum og no skal til området der det skjedde etter jobb.

– Livet må gå som normalt, men vi er kanskje meir på utkik no enn det vi var før dette skjedde, avsluttar 25-åringen.

Reaksjoner på terroren i London

Innbyggjarane i London nektar å gi etter for terroren.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP