Hopp til innhold
Sunnmøre Museum
Foto: Odd Sørås / NRK

Museum på Sunnmøre

  • Foreslår å samle musea på Sunnmøre

    Fylkeskommunedirektøren foreslår at Viti, saman med kommunane, tar styringa med å samle musea på Sunnmøre.

    Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt ein prosess gåande over fleire år for å samle små og store museum på Sunnmøre i ei eining. Forsøket på å samle musea i ei eining har stranda, og fleire museum blir dermed ståande utanfor.

    – Forslaget bygger på ønsket frå partane i den betente museumssaka om at dei ønsker eitt samla museum på Sunnmøre, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

    Forslaget er sendt inn til møtet i kultur- og folkehelseutvalet måndag 13. november.

  • Mange besøke musea

    Stiftinga Viti melder om svært gode besøk til musea sine på Sunnmøre, både av norske og internasjonale besøkande.

    Av dei internasjonale gjestane er fleirtalet frå cruise, og det er særleg amerikanarar, britar og tyskarar som merkar seg ut, opplyser stiftinga.

    Sommarens museumsvinnar var Brudavolltunet i Ørsta, der besøkstalet vart firdobla. Samla sett er det ein auke i besøkstala for heile regionmuseet Viti på heile 44 prosent.

    Brudavolltunet, Ørsta
    Foto: Arne Flatin / NRK
  • Ros til museumsarbeid på Sunnmøre

    Kulturdirektoratet gir regionmuseet Viti svært gode vurderingar for museumsarbeidet i ein ny rapport.

    Særleg formidling, forsking og samarbeidet med dei frivillige blir framheva.

    Vurderinga frå Kulturdirektoratet er ei årleg vurdering.

    For museumsåret 2022 får Viti toppscore på formidling og forsking og nest høgaste score på forvaltning og bevaring.

    Stiftelsen Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 ansatte.

  • – Det hastar med å finne ei løysing

    Gruppeleiarane skal samlast før fylkestinget for å prøve å finne ei løysing på den betente muesumsstriden på Sunnmøre. Politikarane blei ikkje samde om ei felles løysing i fylkesutvalet i dag.

    Fleire av musea på Sunnmøre vil ikkje vere med i Viti som er regionmuseet på Sunnmøre og forsøk på å kome til semje har ikkje ført fram.

    – Vi må finne ei løysing raskt, seier Anders Riise (H) som fryktar at både dugnadsånda og ein del av kulturarva vil gå takt som følgje av striden.

    Anders Riise
    Foto: Roar Halten / NRK
  • Pris til Viti

    Musea på Sunnmøre, Viti, har vunne Norsk publikumsutvikling sin nasjonale pris «UTVIDAR». I grunngjevinga heiter det at musea får prisen for arbeidet med å styrke posisjonen sin i lokalbefolkninga. Dette gjer Viti ved å senke tersklane for grupper som normalt ikkje deltek i det offentleg finansierte kulturlivet.

    Norsk publikumsutvikling har som formål å styrke posisjonen til kunst og kultur i samfunnet.

    Viti vann pris
    Foto: Pressefoto / NPU
No. dokumentar. Noreg har i dag ein av verdas mest moderne fiskeflåtar som omset for milliardar av kroner kvart år. Men det var ein heilt spesiell båttype som la mykje av grunnlaget - for over hundre år sidan. I Ålesund bysentrum har det siste tida foregått eit heilt unikt byggeprosjekt!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL