Hopp til innhold

Sunndalsordførar med høg score

Får fem på terningen.

Ståle Refstie

Ståle Refstie i Sunndal scorar godt på Sentio si ordførarranking.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sunndalsordførar Ståle Refstie får fem på terningen i Sentio Research si ordførarranking.

Sidan august 2014 har Sentio Research målt kor godt folk likar ordførarane sine. Meir enn 20 000 personar er intervjua

Kven som er aller mest populær blant ordførarane i landet vil dei ikkje ut med enno. Men dei går ut med ordførarne som er på plassane frå nummer 22 til 50.

Høgt oppe på landsrankingen

Sunndalsordførar Ståle Refstie (Ap) er nummer 22 på landsrankingen, med eit snitt på 4,57. Det betyr at han får ein femmar på terningen.

På lista mellom nummer 22 og 50 er også tre andre ordførarar frå Møre og Romsdal:

Nr. 26: Geir Ove Vegsund (H, Sula) 4,52 - Terningkast 5
Nr. 28: Ingunn Oldervik Golmen (Sp, Aure) 4,51 - Terningkast 5
Nr. 37: Lilly Gunn Nyheim (Ap, Surnadal) 4,38 - Terningkast 4

Geir Ove Vegsund

Også Sula-ordørar Geir Ove Vegsund gjer det bra i undersøkinga, og får ein femmar på terningen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Spørsmålet som er stilt er:

«Hvis du skulle kaste en terning over hvor god jobb ordføreren i din kommune gjør: Hvilket tall ville du da gitt? 1 er dårligst og 6 er best».

Gjennomsnittsordføraren får 3,9 poeng i undersøkinga.

Ingunn Oldervik Golmen

Ingunn Oldervik Golmen, profilert ordførar i Aure, ser ut til å vere populær blant innbyggarane sine.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Adm.dir. Arve Østgaard i Sentio Research seier at dette ikkje er noka fasit-liste:

- Men lista viser nokre tendensar som vi trur stemmer, seier Sentio-sjefen.