Hovudverneombod Kenneth Enstad har forståing for SFT si rolle, men håper vedtaket deira ikkje vil påverke produksjonen. Dei tilsette håper på ei teknisk løysing slik at produksjonen ved bedrifta kan halde fram.
Stansa delar av produksjonen
Denne veka fekk Brødrene Sunde beskjed frå Statens Forurensingstilsyn om at dei må avgrense utsleppa av bromerte flammehemmarar til eitt kilo i året. Det har ført til at delar av produksjonen av isolasjonsmaterialet Sundolitt er stansa.
Bromerte flammehemmarar er rekna som helse- og miljøskadeleg, og er funne i avløpsvatnet og i fisk og skaldyr i nærmiljøet.
Helsesjekk
Dei 120 tilsette skal inn til ein helsesjekk i regi av Norsk Folkehelseinstitutt for å sjå om nokon har teke skade av å arbeide med miljøgifta. Det gir ei spesiell stemning, seier Enstad.
Før resultata av helsesjekken og blodprøvene ligg føre så avventar vi situasjonen, seier han. Det er liten kunnskap om kva skadeverknader bromerte flammehemmarar kan gjere på menneske. Enstad seier han håper ingen av dei tilsette har fått skade av stoffet.
Tiltak
No jobbar Brødrene Sunde med tiltak for den framtidige bruken av stoffet. Dei ser nærare både på korleis stoffet skal handterast og utslepp og avfallshandtering, seier hovudverneombod Kenneth Enstad.