NRK Meny
Normal

Sula vil halde fram som eigen kommune

Sjølv om politikarane primært vil at Sula skal halde fram som eigen kommune, avviser dei ikkje å gå inn i ein storkommune på Nordre Sunnmøre.

Sula kommunestyre

Her er delar av Sula-lista i Sula kommunestyre. I går var dei samla for å diskutere kommunesamanslåing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Geir Ove Vegsundvåg

Ordførar Geir Ove Vegsundvåg vil anten stå åleine eller gå inn ein storkommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

I 1977 gjekk Sula ut av Ålesund og vart ei eigen kommune. Å gå tilbake til Ålesund åleine er ikkje aktuelt. Det seier ordførar Geir Ove Vegsund. Torsdag var kommunestyret samla for å diskutere kommunesamanslåing før det store møtet måndag. Då skal alle kommunane på Nordre Sunnmøre treffast for å diskutere om det er grunnlag for ein storkommune.

– For Sula er der to alternativ slik eg ser det. Det er anten å stå åleine eller å gå inn i ein storkommune for Nordre Sunnmøre, seier ordføraren.

Fordel å vere stor

Per Ola Måseide

Per Ola Måseide (KrF) trur ein storkommune har sine fordelar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Per Ola Mådseide frå KrF meiner at ein storkommune har sine fordelar.

– Å gå inn i ein storkommune er ein måte å sikre at kvar eining i kommunen får utføre dei oppgåvene dei skal gjere på ein kvalitetssikra måte. Det kjem nye reglar og oppgåver og eg fryktar at ein ikkje når over dette, visst ikkje ein ser større på det, seier Måseide.

Han meiner utfordringa blir å rive frå kvarandre identiteten i ein kommune og byggje det saman att til eit nytt fellesskap.

Rigmor Brøste

Assisterande fylkesmann, Rigmor Brøste, meiner det er viktig å ha ein plan B.

Foto: Trond Vestre / NRK

Må ha ein plan B

Om Sula får halde fram som eigen kommune kan ikkje assisterande fylkesmann, Rigmor Brøste, svare på. Men ho oppmodar kommunen om å ha ein plan B.

– Dersom dei ikkje får bestå som ein eigen kommune, må dei fortelje til politikarane som sit sentralt i Oslo kva som er alternativet, seier Brøste.