NRK Meny
Normal

Ber om unnskyldning for overgrep på skule

Gjennom fleire tiår skal gutar ved skulen i Langevåg ha blitt seksuelt misbrukte av skulestyraren. No gir kommunen offera ei offentleg beklaging.

Ordførar Jim Arve Røssevoll på Breidablikk

Ordførar Jim Arve Røssevoll seier at kommunen har all grunn til å tru at historiene om overgrepa stemmer.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den store kolossen av eit murbygg står tomt i sentrum av Langevåg i Sula. Klasseromma på Breidablikk luktar gamalt og innestengt. Skuletida vart eit mareritt for nokre av elevane som gjekk her.

– Skulestyraren skal ha forgripe seg på elevane. Både gjennom maktmisbruk og seksuelle overgrep, seier ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap). Dei påståtte overgrepa ligg lang tilbake i tid og kommunen trur dei kan ha føregått frå 1920-talet til 1960-talet. Skulestyraren har ingen etterkomarar.

Rykta har gått

I bygda har det blitt kviskra om dei seksuelle overgrepa i generasjonar, men historiene kom ikkje til overflata før folk starta å fortelje i sosiale medium. NRK har vore i kontakt med personar som fortel om vald, frykt, seksuelt misbruk og skam på skulen, men ingen vil stille til intervju. Enkelte har aldri fortalt kva dei vart utsett for til barna sine.

Overgrepa skal ha skjedd før Sula vart eigen kommune, men likevel bestemte kommunen seg for å ta tak i dei gamle sakene. Dei rådførte seg med fagfolk og oppretta ein hjelpetelefon, der offer og pårørande kunne fortelje.

– Dette er tøft og det er ikkje alle som ynskjer å fortelje historia si. Det er kanskje 50 år sidan dei siste overgrepa skal ha skjedd og mange har kanskje fortrengt det, seier Røssevoll. Han seier at mange av dei tidlegaste offera er døde. Det same er den påståtte gjerningsmannen.

Ordførar Jim Arve Røssvoll ved Breidablikk i Sula

Det var på denne skulen overgrepa skal ha skjedd. Torsdag får offera og pårørande ei offentleg unnskyldning frå kommunen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ber om unnskyldning

Det er berre nokre få som har ringt kommunen sin hjelpetelefonen. Nokon har møtt ordføraren personleg for å fortelje kva dei vart utsett for i barndommen. Røssevoll trur ikkje talet på personar som har kontakta kommunen, speglar av omfanget.

– For oss var det viktig at vi vart kontakta av ein del folk, slik at vi med stor sannsynligheit kan fastslå at overgrepa skjedde, seier Røssevoll. No ynskjer kommunen å gi ei unnskyldning til offera. Det skjer på kommunestyremøte torsdag.

Atle Dyregrov

Psykolog Atle Dyregrov seier at det betyr mykje å få ei unnskyldning, sjølv om hendingane ligg langt bak i tid.

Foto: UiB

Aldri for seint

Psykolog Atle Dyregrov seier at det aldri er for seint å gi ei slik beklaging, sjølv om det hadde hatt større betydning om unnskyldninga kom tidlegare, før fleire av offera døydde.

– Ei slik symbolsk handling bekreftar det dei har opplevd. Dei har kanskje bore dette åleine og trudd at det skjedde berre med seg, forklarer psykologen.

Han trur det har vore svært tøft for mennene å bere på hemmlegheiten om overgrepa i så mange år.

– Dei har levd i ein kultur der ein ikkje var så open som i dag, seier Dyregrov.

Skulen burde vore trygg

Ordførar Jim Arve Røssevoll håper at unnskyldninga han kjem med, betyr noko for dei det gjeld.

– Du skal vere trygg på skulen og tillitspersonar du skal kunne stole på, skal ikkje forgripe seg på elevar. Det krev i aller høgste grad ei unnskyldning, seier Røssevoll.