Hopp til innhold

Sula er barnevernsversting

Barnevernstenesta i Sula bryt tidsfristen for behandling av bekymringsmeldingar i vel 32 prosent av sakene dei får inn.

Jim Arve Røssevoll (Ap), ordfører i Sula.

Ordførar Jim Arve Røssevoll tar saka alvorleg og seier at dei har løyvd pengar til ei ny stilling i barnevernet.

Foto: Trond Vestre / NRK

I mange år har Sula på Sunnmøre hatt problem med å ta unna barnevernssaker og dei toppar fylkesstatistikken over fristbrot. Av 50 saker som var meldt til barnevernet ved årsskiftet, braut kommunen fristen i 16 saker.

Seniorrådgivar hos fylkesmannen, Liv Aasen, seier at det tar altfor lang tid frå bekymringsmeldingane kjem inn, til undersøkingane blir gjennomførte og barna får hjelp.

– I yttarste konsekvens kan det gå utover barna som får avklart situasjonen altfor seint og får riktig tiltak for seint, seier Aasen.

Liv Aasen hos Fylkesmannen innrømmer at det er for mange saker som blir liggende for lenge

Liv Aasen hos Fylkesmannen seier at det tar for lang tid før barn får hjelp i Sula.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ung befolkning

Sula har rundt 9000 innbyggjarar og har ei ung befolkning og mange barn. Det kan vere ei av årsakene til at Sula bryt tidsfristane i nesten kvar tredje sak, meiner Heidrun Avdem. Også ho er seniorrådgjevar hos Fylkesmannen.

– Då er det kanskje naturleg at det er større trykk i barnevernet og ein må dimensjonere tenesta noko høgare enn mange andre kommunar, seier Avdem.

Sula har vore bakpå i å halde tidsfristane i mange år. Avdem meiner at når dei heile tida ligg på etterskot er det vanskeleg å kome på offensiven. Dei to seniorrådgjevarane tvilar ikkje på at dei barnevernstilsette gjer så godt dei kan til ei kvar tid for å hjelpe barna, men at det blir lite tid til å jobbe med struktur og internkontroll. Dei meiner kommuneleiinga har eit ansvar.

Heidi Avdem er bekymret hvis folk mister tillit til Barnevernet

Heidrun Avdem tvilar ikkje på at dei barnevernstilsette gjer alt dei kan. Ho meiner ansvaret ligg hos kommuneleiinga.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

LES OGSÅ:

Tunge saker

Vikarierande leiar i barnevernet, Nina Grønmann, seier at dei jobbar med å få på plass betre rutinar og internkontroll. Sula har over lang tid hatt mange store og tunge saker. Kvar saksbehandlar har i snitt over 30 saker i året. Det er nesten dobbelt så mange som landssnittet.

Ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) likar ikkje at kommunen ligg på topp i fristbrot.

– Klart at det ikkje er kjekt. Ein ting er kva statistikken viser, men det er trass alt menneske det er snakk om, seier Røssevoll. Han seier kommunen skal rydde opp. Politikarane i Sula har løyvd pengar til ei ny stilling i barnevernet og dei ser allereie resultat. Den siste perioden har dei ikkje hatt fristbrot.

– Det kan sjå ut som at tiltaka byrjar å verke, seier ordføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL