Hopp til innhold

Suksess med vingard i Hjørundfjorden

Etableringa av ein vingard på Viddal i Hjørundfjorden ser ut til å bli vellykka. Dei vel 500 vinrankane som blei sett ned i vår, har allereie blitt ein halv meter lange.

Nina Viddal

Vinrankane veks godt ved vingarden til Nina Viddal i Hjørundfjorden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er Nina Viddal som står bak etableringa av verdas nordlegaste produksjon av musserande vin i Hjørundfjorden på Sunnmøre.

I vår kom dei første vinplantane i jorda, og til neste år håper ho å prøvesmake dei første boblande vindropane.

– Vinrankane har vakse som planlagt. Det einaste som står igjen no er å binde opp rankane. Det har tatt litt lengre tid enn det skulle fordi det er meir stein i jorda enn vi trudde, men elles er alt på plass, seier Viddal.

Satsa på draumen

Viddal satsar for full på vinproduksjon heime på familiegarden ved Hjørundfjorden i Ørsta. I fjor fekk ho også støtte av Innovasjon Norge til å realiserte prosjektet «Fjordbobler».

Fjordbobler

Ein ørliten drueklase veks fram på Viddal.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Trebarnsmora har budd og arbeidd i hotell- og restaurantbransjen i ålesundsområdet i årevis. Ho angrar ikkje på å ha flytta til Viddal for å satse på draumen sin.

– No står att det berre å sjå om ein klarer å få nok sukkerinnhald i druene når den første avlinga kjem til at det kan bli alkohol. Det er det store spørsmålet, seier Viddal.

– Er du overraska over at det har gått så bra?

– Nei, men eg er veldig takksam for at det har gått så bra. Overbevist har eg vore heile vegen. Eg har satsa ganske mykje på dette, seier Viddal.

Ikkje bestemt seg for namn

Nina Viddal

Fjøsen og det gamle mjølkerommet skal bli produksjonslokale for vinen neste haust.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Viddal har investert mykje tid og pengar i prosjektet «Fjordbobler». Om ho kan hauste fruktene av prosjektet vil tida vise. I mellomtida har ho god tid til å bestemme seg for namnet på den nye vinen.

– Firmaet mitt heiter jo «Fjordbobler». Det er det som har vore arbeidstittelen på prosjektet heile vegen. Så får vi sjå om vinen får eit anna namn, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL