Hopp til innhold

Suksess med behandling i heimkommunen

Eit forsøk med å behandle eldre psykiatriske pasientar i kommunen der dei bur i staden for på sjukehus, har gitt gode resultat og færre innleggingar.

Ålesund sjukehus

Eit samarbeid mellom Ålesund sjukehus og Herøy kommune har gitt gode resultat.

Foto: NRK

Ålesund sjukehus og Herøy kommune har samarbeidd om forsøket i tre år, og gitt nødvendig psykiatrisk behandling til eldre over 65 år i nærmiljøet.

Prosjektleiar Anne Starheim fortel at forsøket har gitt pasientane nærare tilgang til spesialisthelsetenesta.

– Det er ein stor fordel for pasientane, men også for dei pårørande, seier ho.

Auka kompetanse

Forsøket har også gitt meir kompetanse til kommunen, og ein betre kvardag for pasientane.

– Det å sleppe lang reiseveg, og sleppe å bli eksponert for stressfaktorar relatert til å reise langt, har hatt ein stor positiv gevinst, seier Starheim.

Vidare fortel ho at kompetansen i kommunen har auka, og at diagnostiseringa av pasientane har blitt betre.

– På denne måten kan vi kome raskare i gong med den rette behandlinga for dei ulike pasientane, seier prosjektleiaren.

Utvidar tilbodet

Bakgrunnen for forsøket var at eldre pasientar reagerte sterkt på å måtte reise langt og opphalde seg i eit framandt miljø i ei lengre periode.

– Målet var ikkje å spare pengar, men å optimalisere behandlingstilbodet i kommunen, seier overlege Dymitr Melchisedeekow.

No skal sju kommunar på Søre Sunnmøre i gang med liknande prosjekt.

– Vi har fått midlar til forbetring og samhandling i Helse Midt Noreg for å utvide denne modellen til å gjelde sju kommunar på Søre Sunnmøre, seier Starheim.

– Med det ønsker vi å nå målet om betre livskvalitet for pasientane der dei bur, held ho fram.