Hopp til innhold

Skodje fotoklubb menger seg med eliten

Skodje fotoklubb gjorde det overraskande skarpt i noregsmeisterskapen for film og foto. No gjer prisvinnarane seg klare til feiring av suksessen.

Arnold Hoddevik på jakt etter gode motiver

Arnold Hoddevik er nestleiar i Skodje fotoklubb. Han fortel at dei har medlemmar frå heile fylket.

Foto: John Colbensen

Fotoklubben er beskjeden samanlikna med andre som gjer det godt innan film og foto her i landet. Men dei klinka til med bronseplass, og heile 36 arbeid fekk ros eller premie i løpet av NM. Nestleiar i klubben meiner at resultatet er suverent. Fredag kveld skal suksessen feirast.

– Vi er ein ung klubb, og medlemmane våre er stort sett amatørfotografar. Det er utruleg kjekt at vi klarar å konkurrere med dei store, seier nestleiar i Skodje fotoklubb, Arnold Hoddevik, som gleder seg til å feire dei flinke fotografane med prisutdeling i Engesetdalsvatnet i Skodje.

Klubben Bekkalokket frå Bergen tok sølvplassen og Oslo kameraklubb blei nummer ein i meisterskapet som vart arrangert av Norsk Selskap for fotografi kvart år.

– Viktig å leike

Kenneth Enstad meiner at løyndomen bak det å skape eit godt foto handlar om å vere leiken. Han stakk av med sigeren for bildet Winter reflection, og fekk 2. plass i humorklassa med bildet Knockout Wedding. Og det er berre fire år sidan han kjøpte sitt første kamera.

Kenneth Enstad

Kenneth Enstad kjøpte sitt første kamera for fire år sidan. I år stakk han av med sigeren i NM i film og foto.

Foto: Privat

– Eg trur det er viktig å ikkje ta alt så alvorleg og tenke kunst heile tida. Eg trur også at Skodje fotoklubb skil seg ut fordi vi er kreative og utradisjonelle. Mange kan henge seg opp i utstyr og tekniske innstillingar. Det er ikkje nødvendigvis avgjerande, seier Enstad.

Dei aller fleste i skodjeklubben har foto som hobby og har difor andre jobbar til vanleg. Enstad drøymer om å vere fotograf på fulltid. Det er få år sidan han investerte i utstyr, og han har vore aktiv i konkurransar i to år-

Starta forsiktig

Leiaren i klubben, John Colbensen, hadde forsiktige ambisjonar då han starta klubben for fire år sidan. Han håpte å få 15–20 medlemmar, men allereie på første klubbmøte dukka det opp 36 personar.

Trond Edvard Ekroll

Trond Edvard Ekroll vant Leif Preus Fotopris 2014 for bildet 'Classy', som du kan se i bildegalleriet.

Foto: Trond Edvard Ekroll

– Vi har vore opp i 100 medlemmar, men no er vi 65. Eg hadde aldri drøymt om at engasjementet skulle bli stort. Etter å ha sett resultata frå NM er eg veldig stolt av klubben, seier Colbensen som sjølv stakk av med sigeren i 2. runde i meisterskapet.

Mange i toppen

Konkurransen går over to rundar, haust og vår, og resultata vart kunngjorde i Elverum i slutten av mai i år. Kenneth Enstad frå Skodje fotoklubb vart noregsmeister i foto, Geir Jartveit vart nummer tre totalt.

John Colbensen

Fotograf John Colbensen.

Foto: JOHN COLBENSEN

Trond Edvard Ekroll fekk Leif Preus fotopris for beste portrett i uansett klasse og John Colbensen fekk flest poeng i andre runde.

Trond Edvard Ekroll fekk den gjeve Leif Preus prisen for beste portrett i uansett klasse. Det syns han var kjempekjekt.

– Eg har ikkje drive med dette meir enn fire år, og eg blei ganske overraska då eg fekk vite at eg vann.

Ekroll har vore med i Skodje fotoklubb sidan starten, og han syns at det er artig at dei no menger seg med dei store klubbane.

Fredag kveld skal klubben samlast for feiring i Erstadland ved Engesetdalsvatnet i Skodje klokka 20:00. Det ser alle fotografane fram til.