Dei par siste dagane har bedrifta fått kontrakter med i alt 34 skip i frå fleire asiatiske land. Dette betyr tryggare arbeidsplassar, seier dagleg leiar Jan Tore Leikanger til NRK. Den største kontrakten med utstyr til 22 skip, er inngått med Samsung-verftet.
Bedrifta bygger toalett for skip, og fekk kontraktar for
levering av toalett til 30 skip på ein einaste dag. Det er like mykje som bedriften normalt oppnår på ein månad.
I tillegg har vi fått kontraktar for fire andre skip denne
veka, fortel dagleg leiar i Jets AS, Kåre Haddal, til NTB.
Austen
Det var under Kormarine-messa i Korea sunnmørsbedrifta opplevde sin store dag. Først blei det underskreive ein pakkekontrakt på 22 skip med det store Samsung-verftet. I tillegg blei det inngått kontrakt for åtte andre skip.
Haddal seier at skipsbygging meir og meir har flytta austover. Jets har tatt konsekvensen av det, og har etablert eit salsselskap i Korea med 50 prosent norsk eigarskap. Vi ser no at også Kina siglar opp som ein av dei store i skipsbygging, og for oss og andre utstyrsleverandørar er det ei
utfordring å halde god kontakt med oppdragsgjevarane.
Konkurransedyktig
Noreg slit med nye skipsbyggingskontraktar. Vil
utstyrsleverandørane klare seg?
Norsk maritim industri er veldig konkurransedyktig på
utstyrssida. Det viktige for oss er at ingen har betre vegar inn til kundane enn oss.
Dei 30 skipa skal til saman ha rundt 1500 toalett. Eit stort cruiseskip ålene kan ha 1700 toalett. Kontrakten Jets Vacuum har fått representerer 6-8 millionar kroner, inkludert aggregat og anna teknisk utstyr som høyrer til.
Vi set stor pris på desse ordrane, men skal det bli pengar
av skipstoalett må det mange ordrar til, seier Haddal.