Hopp til innhold

Suksess for IKT på Søre

Kommunane greier ikkje å slå seg saman til ei stor eining på Søre Sunnmøre, men datasamarbeidet vert karakterisert som ein stor suksess. Sidan 2005 har dei hatt store tekniske og økonomiske fordelar av å ha ein sentral.

IKT-sentral Søre Sunnmøre

Inne på dette romet er hjerna for all datatrafikk for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Guttorm Rimstad (t.v) og Tor Halvar Botnen sjekkar at alt er som det skal.

Foto: Arne Flatin / NRK

No vert det satsa ytterlegare på datasamarbeidet mellom Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven og Hareid. Og det er på Hareid at hovudkontoret ligg.

Medan kjensler styrer mykje av debatten rundt kommunesamanslåingar er det berre faglege vurderingar som ligg til grunn når desse sju greier å ha ein felles sentral på IKT.

Nyleg vart Guttorm Rimstad tilsett i ei stilling som dagleg leiar for SSIKT (Søre Sunnmøre

Guttorm Rimstad

Guttorm Rimstad er dagleg leiar for Søre Sunnmøre IKT. Han starta i jobben ved årsskiftet.

Foto: Arne Flatin / NRK

IKT). Han er frå Åheim i Vanylven, og arbeider av og til heimafrå og av og til på kontoret på Hareid.

I tillegg er Tor Halvar Botnen nyleg tilsett. Dialekta røper at han kjem nordfrå, men han er busett i Volda. Han er leiar for strategigruppa for IT-tenkinga i dei sju kommunane, populært kalla "sjustjerna".

Tor Halvar Botnen

Tor Halvar Botnen er leiar for strategigruppa for Søre Sunnmøre IKT

Foto: Arne Flatin / NRK

Dersom samarbeidet ikkje hadde pågått desse 12 åra hadde kostnadene vore langt høgare og dei tekniske løysingane mykje dårlegare, trur begge to.

Medan det for ein del år sidan stod ein PC i eit hjørne på kvar skule er det no slik at alle lærarar og dei fleste elevar har tilgang på kvar sin. Dermed er utfordringane langt større no.

Fiber mellom kommunane

Akkurat no held arbeidet på med å knyte kommunane saman med eige fibernett. Gravearbeid, trekking av kablar skjer både ved Grimstadvatnet og på Bigset i Hareid kommune no.

Ulstein og Hareid skal knytast saman med fiber. No slepp kommunane å leige, no vil dei eige fibernettet sjølve.

Kabellegging av fiber

Røyr vert lagde ned som fiberkablane kan trekkast gjennom. Her på Bigset i Hareid kommune

Foto: Arne Flatin / NRK