Hopp til innhold

Sugen på cupgull

AaFK-trenar Kjetil Rekdal har lyst på cupfinale. I helga vert 1.runde spelt.

Kjetil Rekdal på AaFK-trening før cupkampen
Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK-trenar Kjetil Rekdal tok cupgull med Molde i 1994 då Lyn vart slått i finalen. I 2002 var han spelande trenar for Vålerenga då Odd Grenland vart eit nummer for små i finalen.

Cupfinalen gir meirsmak for den merriterte spelaren og trenaren. Kjetil Rekdal har vore på Ullevål mange gonger før som spelar og veit kva han snakkar om. Det er fullt muleg å nå finalen. Ved å vere heldig med trekninga kan ein nå langt, seier romsdalingen som trenar AaFK.

1500 på kamp?

I helga er det Brattvåg som ventar på bortebane. Der er dei alt i gang med å førebu seg til kampen mot storebror AaFK. Håpet er minst 1500 tilskodarar - i så fall det same som då Molde spelte cupkamp der for ein del år sidan.

Kristian Grønmyr (t.v) og Rikard Vestre (t.h)
Foto: Arne Flatin / NRK

Trenar Rikard Vestre og midtbanespelar Kristian Grønmyr trur alt er muleg.

- Vi satsar på ekstraomgangar og straffespark seier Grønmyr med eit lurt smil. Vestre trur også at det er muleg å detonere ei cupbombe. Han håper AaFK likevel stiller med eit sterkt lag, for publikum sin del.

Reservar får spele

Kjetil Rekdal stiller med spelarar frå A-stallen, men kjem nok til å la nokre av dei faste få ein kviledag. Det betyr at fleire av reservane kan få sjansen mot 3.divisjonslaget som faktisk spelar seriekamp mot Norborg alt fredag kveld. Men søndag er dei klar for cupfest på heimebane mot AaFK.

Vårt andre eliteserielag, Molde FK, spelar bortekamp mot Tornado Måløy samtidig, søndag klokka atten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL