450 av omlag 550 tilsette har skrive under kravet, der dei gir utrykk for sterk mistillit til Heggemsnes. Det stadfestar tillitsvalgt for overlegane i Kristiansund, Arild Dimmen.
Strid om omstrukturering
Bakgrunnen for mistilliten er fordelinga av funksjonar mellom Molde og Kristiansund, der Heggemsnes har foreslått å legge ned fleire funksjonar ved sjukehuset i Kristiansund.
Eirik Heggemsnes (Foto: NRK)
Men Eirik Heggemsnes seier det ikkje er aktuelt å trekkje seg, og styret i Helse Nordmøre og Romsdal har full tillit til direktøren.
Styret har no utsett saka om omstrukturering til februar 2006, og Heggemsnes trur det vil hjelpe prosessen inn på rett spor.
– Det at vi får mulegheita til å kommunisere og diskutere denne vanskelege saka på ein betre måte, gjer at vi kan få ein betre kommunikasjon og ein betre prosess internt i organisasjonen, seier Heggemsnes.
– Har full tillit
Tore Skåltveit (Foto: NRK)
I eit ekstraordinært styremøte i går vurderte styret i Helse Nordmøre og Romsdal Heggemsnes si stilling.
Styret har nyleg gjort ei evaluering av Heggemsnes sitt arbeid, og konklusjonen på møtet i går kveld var at dei framleis har full tillit til direktøren.
– Det er ingen forhold som har endra seg sidan den gongen som skulle tilseie noko anna, seier styreleiar Tore Skåltveit.
Ber om ro
Fleire av legane i Kristiansund har nekta å delta i debatten om fordelinga av oppgåvene mellom sjukehusa i Molde og Kristiansund. No har styret gitt leiinga i Helse Nordmøre og Romsdal beskjed om å involvere alle tilsette i dskusjonen om framtida til dei to sjukehusa.
Skåltveit legg ikkje skjul på at bråket i helseforetaket uroar han, men styret meiner hovudproblemet er sjølve prosessen, og har difor utsett behandlinga.
Styret har ikkje teke stilling til hverken funksjonsfordeling, flytting eller nedlegging.
– Vi har kun bede om ei vidare utgreiing, og det er den prosessen vi no må få i gang, seier Skåltveit.
Han ber no om at dei tilsette i ved begge sjukehusa blir med på denne prosessen og bidrar til å få ro i helseføretaket.