NRK Meny
Normal

Stygt beinbrot felte ålesundsordføraren

Med splitter nye ski suste ålesundsordførar Bjørn Tømmerdal ned fjellsida sist søndag. Han visste ikkje kva som venta.

Bjørn Tømmerdal i sjukesenga

Ålesundsordførar Bjørn Tømmerdal står framfor ein lang opptreningsperiode etter eit komplisert beinbrot.

Foto: privat

Skituren i nydleg påskever endte dramatisk for ålesundsordføraren sist søndag. Han hadde akkurat fått på seg splitter nye laussnøski, og fauk nedover fjellsida på Stranda, då han for seint oppdaga søkket i terrenget.

Den eine skia løyste seg ikkje ut, men dreiv meg rundt 360 grader og reiv av det meste inni der. No har legane operert inn ein haug med stålplater, naglar og spikrar, seier Bjørn Tømmerdal.

Operasjonen, som tok nesten tre timar, omtalar han som "heavy". Framleis ligg han på Ålesund sjukehus, og det er uvisst når han blir skriven ut.

Takkar for all hjelp og støtte

Bjørn Tømmerdal takkar på facebook

Ordførar Bjørn Tømmerdal takkar no alle som har hjelpt han etter beinbrotet.

Foto: privat

Smertene er framleis så store at han nesten ikkje søv, og fredag kveld la han ut på Strandafjellet sine facebook-sider ein takk til alle som hjelpte han. Her skriv han at alt var hans eigen feil og at han skal skjerpe seg til neste år.

– Det er klart det kunne gått aldeles gale om eg blei liggande der, seier han.

Neppe tilbake på fleire veker

Ålesundsordføraren trur ikkje han er tilbake i det politiske livet på lang tid framover. Geir Stenseth er sett inn som varaordførar, og det kan han bli i fleire veker.

Fredag var Tømmerdal ute av sjukesenga for første gong etter fallet, no ventar rehabilitering.

– Eg har valt å setje dette i høgsetet no, slik at eg blir heilt bra igjen, seier Tømmerdal.

For nokre år sidan hadde han eit stygt ankelbrot i den andre foten, og ifølgje ordføraren har han aldri blitt heilt bra av det. Difor er det ekstra viktig å no bli bra etter det siste beinbrotet.

Ein drøss lukkeønske

Innlegget som ordføraren posta fredag kveld har blitt kommentert av over 50 personar. Dei aller fleste ønskjer han god betring, og det gjer inntrykk i sjukesenga.

– Det set eg umåteleg stor pris på. Eg har såpass store smerter at eg ikkje får sove, dermed får eg tid ti å tenkje. No har eg lyst å takke alle som har hjelp meg, seier han.

- Skal du tilbake på ski?

- Heilt klart, men eg har fått ein lærepenge. Ein skal ikkje tru at ein er 20 år lenger, seier han.