Hopp til innhold

Her tar bilisten ein råsjanse forbi fotgjengarane

Ein vennegjeng fekk seg ei real overrasking då dei skulle over eit gangfelt i Kristiansund på måndag. – Det er rystande, seier Per Gjerde i Trygg Trafikk.

Forbikjøringa av buss ved gangfelt.

SJÅ VIDEO: Denne trafikksituasjonen bør koste sjåføren førarkortet, meiner Trygg Trafikk.

Måndag kveld er seks unge menneske ute og går ved Langvegen like utanfor Kristiansund sentrum. Det er 40-sone, og dei skal over vegen.

Ein buss stansar foran gangfeltet for å sleppe dei over. Då vel bilen bak å køyre forbi bussen, rett framfor nasen på fotgjengarane.

– Eg blei veldig sjokkert og fløyta i hornet for å åtvare dei, seier bussjåføren, som ikkje vil stå fram med namn.

Det fekk dei til å stanse i tide, og ein av dei gav tommel opp til bussjåføren etterpå for å signalisere ein takk for hjelpa. Videokameraet i bussen fanga opptrinnet, og sjåføren har levert denne til politiet.

Fotgjengerovergang ved St.hanshaugen i Kristiansund

HER: Her skjedde den farlege trafikksituasjonen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Skremmande

Bussjåføren synest hendinga var skremmande. Sjølv om farten ikkje var så høg, tenkjer han på om det kunne vore mor med barnevogn eller ungar som spring rundt.

– Eg har sett mykje rart etter mange år som yrkessjåfør, men dette er blant det skumlaste eg har sett.

Vennegjengen som gjekk over vegen er studentar i midten av 20-åra. Dei er takknemlege for at bussjåføren prøvde å varsle dei, men seier dei høyrde bilen godt før den kom køyrande.

– Det er ein kjempestygg forbikøyring, men eg opplevde den ikkje som så skummel, seier Øyvind Berg, ein av studentane som gjekk over vegen.

– Kunne vore fatalt

Mange ulykker skjer nettopp i gangfelt når folk kryssar vegen.

Regionleiar i Trygg Trafikk, Per Gjerde, meiner forbikøyringa i Kristiansund er så grov at bilføraren bør miste førarkortet.

– Eg blir svært sjokkert når eg ser at bilen kjem opp på sida og køyrer forbi bussen medan folk går over gangfeltet. Det er rystande, rett og slett, seier regionleiar i Trygg Trafikk, Per Gjerde.

Per Gjerde, styreleiar i Molde HK Elite

Per Gjerde i Trygg Trafikk Møre og Romsdal reagerer sterkt på forbikøyringa som blir vist i videoen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han rosar buss-sjåføren for at han gav signal til fotgjengarane og trur det kunne gått gale utan.

– Dei hadde blitt nedkøyrde. Det kunne fått fatale konsekvensar for ungdommane som kryssa vegen, seier Gjerde.

Bilisten legg seg paddeflat

NRK har snakka med ein mann som innrømmer å ha køyrt bilen. Han forklarar at han blei utolmodig bak bussen, og ikkje tenkte at det skulle kome folk forbi.

– Det var veldig dumt av meg. Ein har lært at ein skal vere veldig påpasseleg når ein passerer ein buss som står roleg, så dette var ikkje heilt heldig, seier mannen.

Han nemner at det ikkje var fare for å køyre over nokon slik situasjonen utarta seg, men at det held.

– Det er eigentleg ingen unnskyldning, eg legg meg hundre prosent flat.

Politiadvokat Yngve Skovly

Politiadvokat Yngve Skovly ser alvorleg på trafikkvideoen frå Kristiansund.

Foto: Terje Beniksby / NTB Scanpix

Risikerer å miste førarkortet

Politiet har oppretta sak og vil avhøyre sjåføren. Politiadvokat Yngve Skovly seier at videoen viser eit soleklart brot på trafikklova.

– Dersom ein ikkje stansar for fotgjengarar i fotgjengarfeltet er hovudregelen at ein misser førarretten i seks månader, seier Skovly.