NRK Meny

Sture Fladmark til symjeklubb

Den tidlegare fotballtrenaren Sture Fladmark er tilsett som dagleg leiar i Aalesunds Svømme- og Livredningsklubb. Fladmark har tidlegare arbeidd i fotballklubbar som Lyn, Hødd, Skarbøvik og AaFK. I 2002 blei han kåra til årets trenar i dåverande Tippeligaen. I august i år tilsette symjeklubben den tidlegare portugisiske landslagstrenaren Rui Magalhães som hovudtrenar.

Sture Fladmark
Foto: Pressebilde / Aaslk