Studentar vil ikkje jobbe på kuttramma sjukehus

Fleire sjukepleiarstudentar fryktar stor arbeidsbelastning på sjukehusa og søker i staden sommarjobb i kommunane.

Remi Reksten, Elise Fiske og Maiken Solverg på øvingsrommet til sjukepleiarstudentane

Remi Reksten, Elise Fiske og Maiken Solberg er snart utdanna sjukepleiarar. Ingen av dei søker jobb på sjukehusa i Møre og Romsdal.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Elise Fiske

Elise Fiske trur ho får gitt betre omsorg ved legevakta der ho skal jobbe i sommar, enn på ei travel sjukehusavdeling.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dei er 3. års sjukepleiarstudentar ved NTNU i Ålesund og svært attraktive for helsevesenet. Under heile utdanninga har dei fått høyre kor viktig det er å starte karrieren på eit sjukehus, for å få mest mogleg erfaring.

Elise Fiske meiner stemninga i klassa har snudd.

Fleire vegrar seg for å søke jobb på sjukehusa i heimfylket Møre og Romsdal, og vil heller til kommunane. Sjølv skal ho jobbe ved den kommunale legevakta i sommar. Sjukehus har ho ikkje ein gong søkt på.

– Å vere vikar i helsesektoren om sommaren er alltid tøft, men det blir jo endå tøffare når vi veit at det skal kuttast i tenestene, seier Fiske.

Nina Garshol, HR-sjef i Helse Møre og Romsdal

Nina Garshol håper fleire søker på dei ledige sommarvikariata i Helse Møre og Romsdal. Helseføretaket har eigne bonusordningar for å rekruttere avgangsstudentar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sjukepleiarar sluttar

Den økonomiske situasjonen for Helse Møre og Romsdal er vanskeleg. Dei neste tre åra må helseføretaket spare ein halv milliard kroner for å kome i balanse og fleire tenester blir omorganisert, til store protestar. Fødeavdelinga i Kristiansund blir lagt ned og flytta til Molde.

Tilsette har også gått ut i media og fortalt om altfor høg arbeidsbelastning. Ved ein sengepost på sjukehuset i Ålesund slutta 16 sjukepleiarar på to år.

– Vi må erkjenne at medietrykket og merksemda rundt omstillingane, pregar befolkninga og det påverkar kanskje potensielle søkjarar, seier Nina Garshol. Ho er HR-sjef i Helse Møre og Romsdal.

Tal frå helseføretaket viser at det er om lag 50 færre søknader til ferievikariat for sjukepleiarar, enn på same tid i fjor. Garshol er ikkje skremt av tala. Ho både håper og trur det kjem fleire søknader den neste månaden. Visst helseforetaket ikkje klarer å fylle opp sommarvikariata, betyr det at fast tilsette jobbe meir i sommar.

Norsk sjukepleiarforbund seier at det generelt sett er vanskeleg å rekruttere nok helsepersonell til sommarjobbane i heile landet.

Maiken Solberg

Maiken Solberg er redd for å bli ståande med altfor mykje ansvar dersom ho hadde søkt jobb på Ålesund sjukehus. Ho skal i staden jobbe på eit omsorgssenter i sommar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Orkar ikkje stresset

Maiken Solberg har vurdert å søke jobb på sjukehuset i Ålesund, men slo det frå seg. Ho skal i staden jobbe på eit omsorgssenter.

– Eg orka ikkje alt stresset og frustrasjonen på sjukehusavdelingane. Eg kan godt ha det travelt, men under kontroll, seier Solberg.

Ho fryktar at ho skal bli ståande med altfor mykje ansvar og at det ikkje skal vere forsvarleg, dersom ho jobbar på eit sjukehus med knapp bemanning.

Helse Møre og Romsdal avviser at dei planlegg kutt som går utover bemanninga i sommar. Det får ikkje Solberg til å ombestemme seg.

Både ho og dei andre i klassa har vore på sjukehus i praksis, og der ser dei at fortvilinga over omstilling og effektivisering hos dei fast tilsette er stor. Dei møter erfarne sjukepleiarar som vil skifte yrke fordi dei er slitne.

– Eg tør rett og slett ikkje jobbe på sjukehus, seier Solberg.