Studentane i Volda evakuerte etter røykutvikling

Det starta å brenne i ventilasjonsanlegget ved Høgskulen i Volda og alle studentar og tilsette vart evakuerte.

Røykutvikling ved Høskulen i Volda

Det starta å brenne i ventilasjonsanlegget på Høgskulen i Volda.

Foto: Linda Eikrem
Alle er evakuert ved Høgskulen i Volda

Alle er evakuerte frå bygget og det er ikkje meldt om personskader, opplyser politiet.

Foto: Silje Steinnes / NRK

Alle naudetater rykte ut til Høgskulen i Volda, der det vart meldt om røyk frå øvste etasje. Brannen starta i ventilasjonsanlegget og brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen, opplyser politiet.

Alle studentar og tilsette vart evakuerte og det er ikkje meldt om personskader.

– Det var eit branntilløp i ventilasjonsrommet med ein del røykutvikling på taket på bygget, seier innsatsleiar Stian Mek.

Det er no starta utlufting av bygget.

Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.