Strøm-Erichsen: – Opplevde prosessen som ryddig

Tidlegare helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen seier ho opplevde prosessen rundt sjukehusstrukturen som ryddig medan ho var statsråd. Også statssekretær Roger Ingebrigtsen avviser overstyrting.

Anne-Grete Strøm-Erichsen og Robin Kåss
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix
Marthe styve holte og kolbjørn almlid

Kolbjørn Almlid var styreleiar i Helse Midt-Norge frå 2006-2012. Her saman med Marthe Styve Holte under høyringa.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Spørsmålet om overstyring i prosessen i 2010 blei løfta fram av tidlegare styreleiar i Helse Midt-Norge, Kolbjørn Almlid under høyringa i Stortinget. I samband med spørsmålet om dagens helseminster har gitt signal ut over fullmaktene sine, brukte Almlid eit døme frå perioden under Strøm-Erichsen.

Almlid hevda han i eit uformelt møte med statsektretær Roger Ingebrigtsen fekk beskjed om å greie ut ei sjukehustomt nær Kristiansund. Den gongen blei arbeidet med eit nytt sjukehus i Molde stansa og det blei avgjort at det skulle greiast ut eit felles sjukehus for dei to byane.

– Styreleiaren ønskte seg eit signal om å starte utbygging i Molde, men det var det ikkje grunnlag for, seier Strøm-Erichsen om møtet.

Ho viser til at helseføretaket ikkje hadde greidd ut alternativ til ei utbygging i Molde.

– Eg meinte at Helse Midt-Norge hadde lagt for lite vekt på berekraftig økonomi, rekruttering og det å sjå fylket under eitt, seier Strøm-Erichsen.

– Fekk eit anna signal enn han ønskte seg

Åpen høring i Stortinget

Tidlegare helseminsiter Jonas Gahr Støre (Ap), tidlegare statssekretær Robin Kåss, tidlegare helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og tidlegare statssekretær Roger Ingebrigtsen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Strøm-Erichsen var sjølv ikkje til stades på det omtalte møte. Det var dåverande statsekretær Roger Ingebrigtsen. Han kjenner seg ikkje igjen i Almlid si framstilling av møtet, og presiserer at det var Almlid sjølv som hadde bede om eit møte med departementet.

– Han var tydeleg interessert i å få styringssignal. Han ville ha ein blankofullmakt for å gå for Molde, seier Ingebrigtsen.

– Det er heilt riktig at vi ga eit slags signal. Han ville ha det, men det var kanskje ikkje det signalet han ønska. Men vi ville ha utgreidd fleire alternativ.

Ingebrigtsen gir uttrykk for at referatet Almlid skreiv etter møtet ber preg av å vere eit partsinnlegg.

– Han kom til Oslo for å få eit signal, han fekk ikkje det signalet han ønskte. Då kan du ikkje utelukke at dette får eit preg av ein viss skuffelse, seier Ingebrigtsen.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.